Litt om oss i styret i Førde Venstre

Dette er styret i Førde Venstre i 2017. Bak f.v. Jan Taule, Halfdan Brandtzæg, Gunn Merete Paulsen og Åge Avedal. Framme: Anne Mette Hjelle

Lurer du på kven vi er – vi som jobbar i styret i Førde Venstre? Felles for alle er at vi er innflyttarar til Førde, er engasjert i frivillig arbeid og vil bidra til god samfunnsutvikling.

Her er ei blanding av mykje god politisk erfaring (Jan) og nytt “blod” (alle andre). Det syns vi er spennande og eit godt utgangspunkt for det vidare arbeidet. Vil du vere med i Førde Venstre, så lovar vi å ta godt i mot deg. Vi vil gjerne bli fleire!

Her er nokre ord om kvar enkelt.

  • Jan Taule: Jan er frå Radøy, jobbar på Hafstad vidaregåande skule, far til to og er langt over snittet glad i fotball! Han er difor ofte å sjå på banene i Hafstadparken, der han no er trenar for gutar 13 år. Jan er gruppeleiar for Førde Venstre i bystyret.
  • Halfdan Brandtzæg: Halfdan er tilflytta far til to og arbeider på sjukehuset i Førde. Han brenn for korleis samfunnet utviklar seg og kva for verd barna veks opp til.
  • Gunn Merete Paulsen: Jobbar i PwC. Flytta til Førde i 2007 og kjem frå Davik i Nordfjord. Ho er mor til tre og nyvald leiar i Førde Handballklubb. Gunn Merete er oppteken av næringsutvikling, bustadutvikling og gode oppvekstvilkår. Ho er i styret i Sogn og Fjordane Venstre og sit i Førde bystyre.
  • Åge Avedal: Oppvaksen i Leirvik i Sogn, bur i Angedalen med kone, tre barn og to kattar. Jobbar i 4H. Glad i å gå på ski og på fjellturar. Åge er valkampleiar i Sogn og Fjordane Venstre og vara til Førde bystyre.
  • Anne Mette Hjelle: Frå Gloppen, jobbar i Lotteri- og stiftelsestilsynet, mor til fire, trimglad og engasjert. Var med å starte Girl Geek Dinner Førde for teknologi-interesserte kvinner. Anne Mette er 3. kandidat på stortingslista til Sogn og Fjordane Venstre.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**