Venstre godt nøgde med ny jordbrukspolitikk

Sveinung Rotevatn
Sveinung Rotevatn, Foto: Sveinung Bråthen

Stortinget er einige om ny jordbrukspolitikk: – Vi har fått gjennomslag for det meste vi ønska i jordbruksmeldinga, og er såleis godt nøgde med resultatet, seier stortingsrepresentant for Venstre Sveinung Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Då regjeringa la fram sit forslag til ny jordbruksmelding, lot reaksjonane ikkje vente på seg. Mange var misnøgde med innretninga, og presset mot Stortinget har vore stort for å gjere endringar i politikken. Sogn og Fjordane Venstre kom med krav om tydelege og raske avklaringar. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er godt nøgd med resultatet av forhandlingane i næringskomiteen.

– Det er ingen tvil om at balansen i jordbrukspolitikken går gjennom Venstre i Stortinget. Difor vil ein sjå at vi i delar av politikken har danna fleirtal med regjeringa, og delar av den med dei raudgrøne. Men totalen har blitt god, og sikra rein framtidsretta politikk som samstundes sikrar tryggleik for dei som har investert i næringa.

I sitt opphavelege forslag, foreslo regjeringa å avvikle marknadsordningane for korn, egg og geitemjølk. Dette sa Venstre nei til, og har fått med seg fleirtalet på å vidareføre ordningane om lag som i dag. Marknadsordninga for svin vert derimot liberalisert noko.

Vidare foreslo regjeringa å redusere dagens 18 regionar for omsetnad av mjølkekvoter til 10. Her har ein kome fram til eit kompromiss, og landa på 14 mjølkeregionar.

– Venstre har vore opne for endringar her slik at det blir enklare å satse for dei som ønskjer det, og slik at ein kan få regionar som er meir i tråd med den reelle skilnaden i bruksstruktur. Samstundes meinte vi at regjeringa tok vel hardt i, og at den store reduksjonen i kvoteområde truleg ville medført mindre mjølkeproduksjon i fylke som Sogn og Fjordane. Den nye kursen er langt betre, seier Rotevatn.

Vidare foreslo regjeringa å legge om avløysartilskotet og fjerne tidlegpensjonsordninga for bønder. Begge desse forslaga har no blitt stoppa i komitébehandlinga.

– Vi har tatt signala frå næringa om kor viktig avløysarordninga er for å sikre den enkelte bonden moglegheit for ferie, og for å sikre tryggleik for sjukdom eller ulukker, seier Rotevatn.

Stortingsrepresentanten frå Venstre har hatt tett dialog med bondenæringa under behandlinga av meldinga, og har delteke på fleire opne møte i fylket med landbruk som tema den siste tida.

– Innspela frå næringa har vore veldig nyttige. Alt skal ikkje vere slik det er i dag, og mange er opne for endring. Men endringane må skje med landbruket på laget, og med respekt for dei store investeringane mange har gjort. Venstre lyttar til folk når vi utformar politikken vår, og her trur eg vi har kome fram til løysingar som dei fleste kan leve godt med.

Rotevatn er likevel ikkje nøgd med alt i meldinga.

– Diverre klarte vi ikkje å hindre regjeringa i å gå saman med Ap og Sp om å svekke målsetnadane for økologisk jordbruk. Det er uheldig, for vi treng eit mangfald av produksjonsmåtar.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**