– Stor satsing på gründerar

Sveinung Rotevatn, Mona Lindseth
  • Regjeringa legg torsdag 11. mai fram forslag til revidert budsjett for 2017. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn er nøgd med at forslaget inneheld ei stor satsing på gründarar, som bidreg til fleire, varige arbeidsplassar i Noreg.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

– Dette er ein gledens dag for gründarar og småbedrifter i både Sogn og Fjordane og restan av landet, seier Rotevatn.

Han fortel at fleire av forslaga frå regjeringa er forslag som Venstre har stått aleine om dei siste ti åra:

  • Betre sosiale rettar og pensjon til sjølvstendig næringsdrivande
  • Skattefrådrag for investeringar i nye bedrifter
  • Gunstigare skatt på opsjonar i gründerbedrifter

– Det er stort behov for private investorar i den fasen der ein treng det mest, altså før selskapet verkeleg kjem på marknaden. Dette er den mest krevjande fasen for nye bedrifter, uansett om det er en innovasjonsbedrift eller ein lokal frisørsalong. Trass i dette har dei fleste offentlige støtteordninga kome seinare, når bedrifta allereie er etablert i marknaden. Det har Venstre lenge foreslått å gjere noko med, og no får vi endelig gjennomslag, seier Rotevatn.

Eit anna forslag i revidert budsjett som Rotevatn gler seg over, er endringar i regelverket for privat pensjonssparing.

– Sjølvstendig næringsdrivande får no langt betre moglegheit til å setje av pengar til eigen pensjon. Det sosiale tryggingsnettet blir styrka for dei som skapar morgondagens arbeidsplasser, og det vert meir attraktivt å starte nytt selskap. Venstre har foreslått dette i ei årrekkje, og eg er glad for at det no kjem på plass, seier Rotevatn.

– Vi får fleirtal for våre forslag. Det er veldig kjekt. Fleire kan starte for seg sjølv, og dei som allereie har starta, får det tryggare. Desse gjennomslaga understrekar viktigheita av eit fortsatt borgarleg fleirtal, og Venstre si viktige rolle for å legge til rette for fleire bedrifter og nye arbeidsplassar, seier Rotevatn.

Han understrekar at Venstre har fleire forslag som vil gjere kvardagen enklare for landets småbedrifter til behandling i Stortinget, og at Venstre vil forsøke å få gjennomslag for disse også i forhandlingane om RNB.

– Ikkje minst er det på høg tid at sjølvstendig næringsdrivande får betre sjukelønnsordning, seier Rotevatn.

I forhandlingane om RNB vil Venstre spesielt prioritere tiltak for gründarar og småbedrifter, etterutdanning og kompetansehevingstiltak for lærarar og tilsette i skulen og tiltak for reinare hav og opprydding i plastforsøpling.

– Regjeringa sitt forslag til RNB er eit godt utgangspunkt for forhandlingane, og vi er glade for at regjeringa har lytta til fleire av dei forslaga vi har fremja for å skape fleire arbeidsplassar, avsluttar Rotevatn.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**