– Godt nytt for ungdom i Sogn og Fjordane

Foto: Privat

– Eg er svært glad for at Venstre og Krf har fått gjennomslag for å halde på dagens 40 km avstandsgrense for bortebuarstipend for elevar i vidaregåande skule, styrka finansiering av Sogn og Fjordane fylkeskommune, meir midlar til folkehøgskulane og ekstra midlar til skulehelseteneste. Statsbudsjettet for 2018 er eit svært godt grunnlag for at Sogn og Fjordane kan utvikle seg vidare som eitt av landets beste skulefylke.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Det seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid og nestleiar i Hovudutval Opplæring i Sogn og Fjordane.

Avtale om statsbudsjettet for 2018: Godt nytt for ungdom i Sogn og Fjordane.

Det er i budsjettforliket lagt inn 40 mill kroner ekstra i såkalla tapskompensasjon for fylkeskommunar i samband med innføringa av nytt inntektssystem. Sogn og Fjordane vil få ein vesentleg del av denne potten. Folkehøgskulane får tilført til saman ca 50 mill kr. ekstra i budsjettforliket.

 

Venstre har også fått gjennomslag for 100 mill kr ekstra til å styrke helsesyster-tenesta, som er viktig for born og ungdom både i grunnskule og vidaregåande skule. Regjeringa sitt framlegg om å heve grensa for bortebuarstipend frå 40 til 60 km er skrinlagt, og det er lagt inn 21 mill kroner i statsbudsjettet for å finansiere dette. Det er også lagt inn ekstra midlar til United World College i Fjaler i budsjettforliket.

 

– Eit storstilt løft innanfor teknologi og IKT er heilt nødvendig i skulen og samfunnet elles i åra som kjem. Eg er difor glad for at Venstre i budsjettforliket også har fått gjennomslag for 500 nye studieplassar innanfor IKT, 25 mil kr til utvida satsing på programmering i skulen og 50 mill kroner ekstra til IKT-tiltak i grunnopplæringa, seier Alfred Bjørlo.

 

For meir informasjon, ta kontakt med Alfred Bjørlo, tlf. 480 82 652

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**