Breivik i arbeidsveke hos NAV

Venstres jobber for flere arbeidsplasser
Terje Breivik, parlamentarisk leiar i Venstre., Foto: Elias Dahlen

Venstre-nestleiar Terje Breivik sit til vanleg i arbeids- og sosialkomitéen på Stortinget, men i forrige veke hadde han arbeidsveke hos NAV i Voss. Der jobba han han tett med teamet som fylgjer opp sykemeldte. No er han komen heim med fleire nye idear til kva me kan gjera for å minska sjukefråværet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

– Det er eit tankekors at Noreg har så høgt sjukefråvær samanlikna med andre land, samstundes som befolkninga generelt har god helse. Potensialet for å redusera fråværet bør vera stort. Framover vert det viktig å laga gode ordningar lar fleire jobba, sjølv om dei har fysiske eller psykiske utfordringar. Mykje av inkluderingsdugnaden som regjeringa har tatt initiativ til, handlar om dette. Får me det ikkje til, er staten med på å dytta folk ut av arbeidslivet og inn i fattigdom. Det vil ikkje Venstre vera med på, seier Breivik.

Meir dialog og samarbeid på tvers

Han trekk fram fleire grep som kan bety ein forskjell:

– NAV og arbeidsgjevarar gjer ein god jobb når det kjem til å fylgje opp sjukemeldte, men systemet kan verta endå betre. For det fyrste bør me leggja til rette for at NAV og legane som skriv ut sykemeldinga snakkar saman. Slik unngår me unødige konfliktar om diagnose og sjukemeldingsforløp, som gjerne forsinkar prosessen og aukar frustrasjonen og stresset for den det handlar om – den sjukmeldte.

Terje vart intervjua av Avisa Hordaland etter praksisveka på NAV Voss

Breivik meiner óg at dialogen kan verta betre mellom NAV og arbeidsgjevar:

– I dag er arbeidsgjevar forplikta til å laga ein oppfylgingsplan for den sjukemeldte frå veke fire. På dette tidspunktet er ein ikkje nøydd til å dela han med NAV, med mindre ein vert spurd. Eg trur at meir samarbeid og dialog mellom arbeidsgjevar og NAV kunne gjort at den enkelte fekk betre og meir tilpassa oppfylging. Mange arbeidsgjevarar er dyktige til å fylgja opp sine tilsette, men det kan vera nyttig for dei fleste å nytta seg av kompetansen som ligg hos NAV. Derfor bør me vurdera ei plikt til å dela oppfylgingsplanen med dei så fort som mogeleg, fortset Breivik.

Tidlegare innsats

Eit anna grep som kan få fleire i tilbake i arbeid tidlegare er å endra sjølve tidspunktet for oppfylgingssamtaler med NAV. I dag kallast langtidssjukemeldte inn til eit dialogmøte nummer to med NAV, arbeidsgjevar og gjerna lege for å gjennomgå situasjonen etter 26 veker. Då skal dei blant anna sjå på mogelegheiter for tilrettelegging på arbeidsplassen.

– I mange tilfeller kunne ein truleg få god effekt av å leggja dette møtet tidlegare. Mellom veke 8 og veke 26 i sjukemeldinga er det inga lovpålagd oppfylging. Forhåpentlegvis kunne me fått fleire tilbake i noko grad av arbeid tidlegare ved å framskynda dette møtet, til dømes til veke 15.

I Venstre sitt program står dette om sjukepengar:

Venstre vil:

  • utvida Lånekassa si sjukelønsordning til 12 månader
  • gjera det mogeleg å vera delvis sjukemeldt som student
  • gjera ordninga med gradert sjukestipend for studentar permanent
  • styrka trygdeordningar og rettigheitar i folketrygda for næringsdrivande, blant anna når det gjeld sjukepengar
  • gjera det enklare å kombinera arbeid og trygd ved å syrgja for fleksible permisjonsreglar og tidlegare avklaring for langtidssjukemeldte
  • gjera det lettare for arbeidsgjevarar å leggja til rette for at sjuke personar kan jobba, og gje arbeidsgjevar eit medansvar for finansiering av heile sjukepengeperioden utan at den totale økonomiske byrda skal auka
  • utreda ei reform med jamnare satsar for arbeidsløysetrygd og helserelaterte ytingar som uføretrygd, arbeidsavklaringspengar (AAP) og sjukeløn
  • innføra ein moderat eigendel i sjukepengeordninga

Les heile programmet her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**