Ja til Atløysambandet: Ein historisk dag

Foto: Privat

– Når Fylkestinget no gir grønt lys til bygging av Atløysambandet, er det ein 30 års kamp for Venstre som er ført fram til siger. Dagen i dag er historisk ikkje berre for folket på Atløya, men også for alle andre som har kjempa for å avløyse ferje med bru, slik at det blir lettare å bu i distrikta og storsamfunnet sine pengar kan brukast betre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Det seier Gunhild Berge Stang, Venstre sin gruppeleiar i Fylkestinget i Sogn og Fjordane. Atløysambandet vil gje landfast samband til ca 500 innbyggjarar og eit rikt næringsliv på Atløya i Askvoll kommune.

 

– Venstre har vore ein pådrivar nasjonalt for ferjeavløysingsordninga. Vi sette Atløysambandet på Venstre sitt program allereie på 1980-talet. Det er faktisk slik at heile den nasjonale ferjeavløysingsordninga som no er komen på plass, starta med Atløysambandet, og vart innført av Bondevik2-regjeringa med Torild Skogsholm (Venstre) som Samferdsleminister.

 

– Det er utruleg at det skulle ta 30 år å få gjennomslag for ei ordning som byggjer på enkel, sunn fornuft: At det er god bruk av samfunnet sine pengar å byggje bru for kostnadene stat og fylke elles ville ha brukt “til evig tid” for å køyre ferje, seier Gunhild Berge Stang.

 

 

Gunhild Berge Stang, mobiltlf 976 53 785

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**