Uttale: Mot kutt i hurtigbåttilbodet i Ryfylke

foto: Elisabeth Tønnesen / Kolumbus

Viser til rapport om kutt i rutetilbod for hurtigbåt i Ryfylke med høyringsfrist 01.03.2019. Sauda Venstre vil her koma med sin uttale til rapporten.

Me vil først nytta høve til å minna Kolumbus om verdiane selskapet har:

Kolumbus er til for å gi deg som bor i Rogaland et best mulig kollektivtilbud med buss og båt.

For Sauda er båt det beste moglege kollektivtilbodet når ein skal til Stavanger og mellom tettstadene i indre Ryfylke.

Kva har hurtigbåten å seia for saudasamfunnet?

Sauda kommune har ei uheldig utvikling av alderssamansetting av befolkninga. For å bøta på dette står næringsutvikling sentralt. Det må leggjast til rette for gründarar og bedrifter som vil starta opp næringsverksemd i Sauda. Lokalisering av bedrifter handlar i stor grad om god kommunikasjon. For saudasamunnet er god offentleg kommunikasjon som båtruter og vegsamband avgjerande.

Sauda Venstre meiner difor ein må halda på det rutetilbodet som er i dag.

Passasjerane

Rapporten legg for lita vekt på å kartleggja kven som er passasjerane i dag. Me vil difor supplera med informasjon om dette for å synleggjera kven ein rammar om ein kuttar i rutetilbodet i indre Ryfylke.

Skuleelevar

Sauda vidaregåande skule har avdelingar både på Sand og i Sauda og har elevar som dagpendlar til og frå desse studiestadene. Etter at Ropeidferja vart lagt ned, er båten blitt desto viktigare for å gjera reisetida til og frå skule overkommeleg.

Båten er òg dagleg brukt av elevar som bur på Ropeidhalvøya og som går på ungdomsskulen på Sand.

Konsekvensen av kutt i rutetilbodet vil vera at desse elevane får mykje lengre reiseveg kvar dag. Mange opplever at reisetida i dag er lang, og med forslaga til kutt vil ho berre bli lengre.

Pendlarar – indre Ryfylke

Dei to kommunane Sauda og Suldal har innbyggjarar som arbeidar i nabokommunen. Det er altså ei stor gruppe pendlarar som reiser begge vegar mellom desse to kommunane.

Pendlarar frå Sauda som arbeider i Suldal, hovudsakleg på Sand, brukar båten til arbeid om morgonen. Denne turen tek om lag 20 min, mot 60 min med buss.

Pendlarar – Stavanger/Nord-Jæren

Det er òg ei viktig gruppe pendlarar som bur i indre Ryfylke, og som reiser kvar veke til og frå Stavanger/Nord-Jæren. Mange av desse kombinerer dagpendling (ut om morgonen, heim om kvelden) med pendling med overnatting (ut om morgonen, heim om kvelden neste dag). I denne gruppa pendlarar finn ein både studentar og folk som pendlar til/frå arbeid.

For desse pendlarane er hurtigbåten eit langt betre alternativ enn buss. For mange gjer båtturen det mogleg å arbeida under reisa, og slik nytta reisetid som arbeidstid. Det kan ein ikkje gjera i ein buss på svingete ryfylkevegar.

Folk som skal i møte og til avtalar i Stavanger

Ei anna gruppe reisande er folk som skal i møte og til avtalar i Stavanger. Det kan vera avtale hjå lege (spesialisthelsetenester), seminar og møte i jobbsamanheng og avtalar og møte i samband med politikk/frivillige verv. For desse reisande er det viktig å kunne reisa att og fram i løpet av ein arbeidsdag. Andre møte – særskild frivillige verv – held møte på ettermiddagstid, og då kan ein følgja kveldsbåten heim.

Dersom kutta i hurtigbåttilbodet for indre Ryfylke vert gjennomført, vil mane av desse reisande måtte overnatta i Stavanger i samband med møte og avtalar. Det gjer at kostnadane ved slike reiser aukar mykje for arbeidsgjevar og privatpersonar.

Feriefolk

I utfartshelger er båten svært populær. Det er ofte slik at ikkje alle får plass. Dette er i seg sjølv eit uttrykk for at båten som transportmiddel er det beste når ein skal frå Stavanger til indre Ryfylke.

Sauda og Suldal er to hyttekommunar og satsar stort på dette. Det er viktig for ein hyttekommune å ha god kommunikasjon og korte reisetider til og frå hytteområda. For miljøet er det betre om reisene skjer mest mogleg med kollektivtransport.

Andre reisande

Det er sjølvsagt ein stor gruppe passasjerar som ikkje høyrer med til kategoriane over. Desse nyttar gjerne båten til fritidsreiser, anten som første etappe på reiser vidare – med tog eller fly – eller dei skal til Stavanger/Nord-Jæren.

Av desse er det viktig å merka seg at ein del er folk som reiser med små ungar (gjerne med barnevogn), eldre folk som er dårlege til beins og rørslehemma. For denne gruppa er båten det klart beste alternativet. Mange av desse legg opp reisa slik at dei kan følgja båten frå A til B og unngår middagsruta som berre går til/frå Ropeid. Dette for å sleppa kombinasjonen buss/båt.

Fordelar og ulemper – buss vs båt

For å gjera tydelegare korleis ulike transportmiddel (til kollektivtransport) fungerer for oss i indre Ryfylke har me sett opp to tabellar.

Båten

Her er lista opp fordelar (+) og ulemper (-) med båt som transportmiddel i indre Ryfylke.

+ Kortare reisetid – for mange svært mykje kortare reisetid. Særskild gjeld dette skuleelevar og pendlarar.
+ Tryggheit. Reisande opplever at det er tryggare å reisa med båt enn buss. Dårlege vegar, særleg vinterstid, gjer at mange heller reiser med privatbil i staden for buss.
+ Komfort. Det er svært få – viss nokon – som heller vil ta buss enn båt på strekninga Sauda-Stavanger.
+ Miljø/klima: Svært mange vil heller reisa med båt enn eigen bil.
Lang reisetid samanlikna med kva som kan vera mogleg. Hurtigbåten mellom Sauda og Stavanger hadde tidlegare kortare reisetid enn i dag.

 

Buss

Her er lista opp fordelar (+) og ulemper (-) med buss som transportmiddel i indre Ryfylke.

+ Fordelar for dei som bur langs hovudvegen og kan gå av/på bussen ved haldeplass i staden for ved anløpskaien.
Overgang båt/buss vil føra til ventetid og lengre reisetid.
Korrespondanse mellom ruter gir ofte forseinkingar, til dømes når ein må venta på andre bussar.
Større risiko for at reisa blir forseinka pga dårlege vegar (stein, snø, glatte vegar etc). Estimert reisetid slik det er lagt fram i rapporten er ikkje realistisk. Stemmer ikkje med verkelegheita.
Ekstra ulemper for svake grupper som:

  • Eldre
  • Funksjonshemma
  • Småbarnsforeldre med barnevogner og bagasje
Mange har dårlege erfaringar med kombinasjonen båt/buss. Dette fører til at mange reisande per i dag vel vekk desse rutene om dei kan.
Erfaringar frå dagens busstransport er at fleire av passasjerane føler seg utrygge pga steinsprang, dårleg veg og uhell på Ropeidvegen.

Moglege konsekvensar av kutt

I rapporten går ein ikkje djupt nok ned i alternativa for å sjå på dei reelle konsekvensane ved kutt. Kvart av desse kutta vil skapa ringverknader i lokalsamfunna – om dei vert gjennomført.

Sauda Venstre reagerer særskild på at det vert brukt uttrykk som «moderate konsekvensar» om nokre av kutta i rutetilbodet. Det er slik rapporten oppsummerar konsekvensane av kuttforslaga som rammar indre Ryfylke hardast. Diverre følgjer ikkje rapporten opp med å underbyggja påstanden om «moderate konsekvensar». Me opplever at rapporten bagatelliserar ulempene ved kutta. Slik Sauda Venstre ser det, er det heller slik at det er «store og betydelege konsekvensar» ved slike kutt.

Konsekvensar for den vidaregåande skulen

For Sauda vidaregåande skule gir fleire av kutta, og då særskild kuttalternativ 2, dramatiske konsekvensar. Kutta vil føra til lengre reiseveg for skuleelevar (om lag dobling i reisetid). Dette kan føra til at mange heller finn seg hybel og skule i andre delar av fylket. Synkande elevtal er ein trugsel for Sauda vgs som i dag har mange gode tilbod og gode resultat å visa til. Skulen er òg ein viktig arbeidsplass, og ein reduksjon i elevtal vil føra til tap av kompetansearbeidsplassar i indre Ryfylke.

Konsekvensar for pendlarar

Hurtigbåten gjer i dag at det er aktuelt for mange å pendla frå Sauda til Sand, og frå Sauda til Stavanger. Med kutt i rutetilbodet vert dette mindre aktuelt pga av tap av fritid og arbeidstid.

For pendlarane mellom Sauda og Suldal vil kutt i båttilbodet gi ein lengre reiseveg til arbeid – – frå 20 min til 60 min. Konsekvensen vil vera at fleire vil byta ut kollektivtransport (båt) med privatbil. Det gir dårleg miljøvinst.

Konsekvensen for pendlarar frå Sauda til Stavanger kan ein ikkje lesa godt nok av rapporten. Ei sak er tap av arbeidstid når ein må byta båt med buss (for dei som kan arbeida på båten). Ei anna sak er at ein ikkje kan sjå kva rutetilbod som evt kjem i staden for dagens tilbod.

Konsekvensar for miljø og klima

Eit svært viktig poeng, som knappast kan/bør setjast opp mot økonomi, er omsynet til miljø og klima.

Kolumbus skriv på sine nettsider:

Kolumbus skal gjøre Rogaland til et bedre sted å bo og leve gjennom at flere setter privatbilen igjen hjemme av og til.

Å kutta i hurtigbåttilbodet for indre Ryfylke – altså dei som bur lengst bort frå regionsenteret Stavanger – er slik eit svært dårleg tiltak. Mange opplever ikkje buss som eit tilsvarande godt kollektivtilbod som det hurtigbåten er i dag. Det er fleire som heller tek bilen enn å setja seg i buss – både pga komfort og pga reisetid. Eit døme på dette er båtruta Stavanger-Jelsa. Her er det busstilbod frå Jelsa til Sand, men i følgje bussjåførar som køyrer ruta, står kaien full av personbilar som i staden hentar passasjerane.

Det er òg ei mental grense for kor langt ut fjorden ein kan flytta anløpa med båten før folk i indre Ryfylke tykkjer det er enklare og betre å bruka eigen personbil i staden for kollektivtransport.

Dersom ein vil ha ned reiser med personbil i fylket bør ein ikkje kutta i hurtigbåttilbodet.

Per i dag er ikkje hurtigbåtane som trafikkerer fjordane og Ryfylkebassenget, dei mest miljøvenlege. Samstundes veit ein at teknologien finst for meir miljøvenlege hurtigbåtar. Sauda Venstre vil difor utfordra Kolumbus på dette.

Hurtigbåtar med miljøvenleg drivstoff og eit godt rutetilbod vil gjera båten til det beste kollektivtilbodet for miljøet og for oss i indre Ryfylke.

Hurtigbåten sitt potensiale

Sauda Venstre meiner at hurtigbåten har potensiale til å få langt fleire passasjerar enn i dag. Utan å kutta i dagens tilbod, men med justeringar i rutetabellane og båttype, kan ein få eit hurtigbåttilbod som vert populært og som gir større samfunnsnytte.

Betre tilbod for dagpendling Sauda-Stavanger

På 1960-talet kunne me reisa frå Sauda til Stavanger på 1 time og 40 min. Nå, femti år seinare, brukar båten 30-60 min lengre tid.

Sauda Venstre høyrer stadig om folk som ønskjer å bu i Sauda, men som arbeidar i Stavanger. Ved å korta inn reisetida Sauda-Stavanger kan ein gjera det attraktivt og aktuelt for fleire å dagpendla Sauda-Stavanger.

Betra pendlarruta mellom Sauda-Suldal

Gjera hurtigbåten til eit betre alternativ for pendlarar, slik at ein får redusert privatbilismen. Dersom pendlarar mellom Sauda og Suldal kan bruka hurtigbåten både om morgonen og om ettermiddagen, vil svært mange av pendlarane la bilen stå heime. Dette kan ein gjera ved at:

  • Båten går frå Sauda om morgonen, via Ropeid og over til Sand, tilbake til Ropeid, og så vidare mot Stavanger.
  • Båten som kjem frå Stavanger om ettermiddagen går først til Ropeid, så over til Sand, og så tilbake til Ropeid.

Kombinert med busstransport vil eit slikt tilbod korta inn reisetida for mange skuleelevar og pendlarar med om lag 1 time kvar dag.

Rapporten

Rapporten skal vera ei utgreiing av kuttforslag og av konsekvensane av desse som så politikarane kan nytta som grunnlag for eit vedtak. Slik Sauda Venstre ser det, er denne rapporten så mangelfull at han ikkje kan brukast som grunnlag for vedtak.

Ikkje etterprøvbar

Eit viktig prinsipp i utgreiingar er at ein først legg fram fakta, så analyserar ein desse fakta, og så kan ein konkludera. Problemet med denne rapporten er:

  • For dårleg faktagrunnlag
  • Ulikt faktagrunnlag for kuttforslaga
  • Manglande dokumentasjon for innsparingssummar og passasjertal for dei ulike reisene og kuttalternativa som blir presentert
  • Manglande synleggjering av konsekvensar
  • Manglande metode – eller ikkje konsekvent bruk av metode
  • For svak/manglande underbygging av påstandar i konklusjonen

Slik rapporten er lagt fram er han ikkje etterprøvbar. Det er altså ikkje mogleg for oss andre –anten me er politikarar eller ramma passasjerar – å gå gjennom fakta og gjera eigne vurderingar. Dette er eit alvorleg problem. Hadde rapporten lagt fram faktagrunnlaget systematisk og likt for ulike kuttforslag hadde ein hatt ein reell moglegheit til å vurdera dei ulike kuttforslaga, og ein kunne ha kome med forslag til evt andre kostnadskutt.

Sauda Venstre sin konklusjon er difor at det ikkje kan fattast vedtak på grunnlag av denne rapporten.

Oppsummering

God kommunikasjon er naudsynt for å få til næringsutvikling og for å få fleire til å busetja seg i Sauda.

Kolumbus sitt oppdrag er å gje eit best mogleg kollektivtilbod til oss som bur i Rogaland og få oss til å parkera bilen heime. Det burde slik sett heller vore forslag til utbetring av tilbodet me hadde på bordet og ikkje kutt i det som me ser på som det beste og viktigaste kollektivtilbodet me har.

Ser me historisk på båttilbodet dei siste 50 åra, så vil reisetida ha auka med nærare 1 time i denne perioden. Redusert rutetilbod vil setja Sauda fleire tiår tilbake og er med på å byggja ned saudasamfunnet.

I den prioriterte kuttlista ser me at ein ønskjer å kutta i dei beste og viktigaste reisetilboda me har per i dag. Kutt alternativ 2 er eit uakseptabelt kutt som vil ramma mange i det daglege og som har store konsekvensar.

Sauda Venstre ønskjer ikkje nokon reduksjon av rutetilbodet.

Me ber difor ansvarlege politikarar om å sjå på andre måtar å dekka inn kostnadane på enn ved å kutta i tilbodet. Vidare vil me igjen poengtera at rapporten ikkje gir eit godt nok grunnlag for å fatta vedtak.