Venstre sin distriktspolitikk blir styrka

Gunhild Berge Stang og Alfred Bjørlo, Foto: Jostein Vedvik

– Distriktspolitikken til Venstre må løftast, seier Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre, før helgas landsmøte. Venstre ligg lågt på meiningsmålingane før helgas landsmøte, og partiet er i motbakke. Likevel ser Gunhild Berge Stang lyst på tida framover.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

– Venstre i Sogn og Fjordane har gått i front for ein tydelegare distriktspolitikk i Venstre. Vi har fått gjennomslag, og no er dette det viktigaste temaet på landsmøtet. Venstre har god politikk for heile landet. Men den må løftast. Det skal vi gjere på landsmøtet og i tida framover.

Blitt høyrt

Gunhild Berge Stang meiner at distriktspolitikk som hovudemne på landsmøtet kjem som eit direkte påtrykk frå Sogn og Fjordane og andre distriktsfylke, og er glad for at ein no skal stake ut ein god kurs for politikk for heile landet.

Berge Stang meiner at distriktspolitikk som hovudemne på landsmøtet kjem som eit direkte påtrykk frå Sogn og Fjordane og andre distriktsfylke, og er glad for at ein no skal stake ut ein god kurs for politikk for heile landet.

– No kjenner eg at vi har blitt høyrt. Vi skal snu dårlege meiningsmålingar fram mot valet til hausten, seier Fjaler-ordføraren.

Statlege arbeidsplassar

Gunhild Berge Stang får medhald frå Alfred Bjørlo, ordførar for Venstre i Eid, som også er utsending under landsmøtet på Stjørdal komande helg.

– Vi er optimistiske, men utålmodige, på vegne av distrikts-Noreg. For Sogn og Fjordane Venstre er det spesielt viktig å få endå meir trøkk og tempo på arbeidet med utflytting av statlege arbeidsplassar, og at staten skal vere med å utvikle alle deler av fylket – også Nordfjord og kysten, seier Bjørlo og legg til:

– Vi vil kjempe for at Venstre sitt landsmøte legg endå sterkare trykk på dette arbeidet.

Kunstige skilje

Atle Hamar, statssekretær og ordførarkandidat for Venstre i Sunnfjord, er den som har stått i spissen for arbeidet med å meisle ut ein tydelegare distriktsprofil i Venstre. Han har leia distriktspolitisk utval i Venstre det siste året. Utvalet har mellom anna førebudd landsmøtesaka med tittelen «Levande lokalsamfunn i heile landet», som slår fast korleis Venstre vil løfte distrikta.

– Vi vil rive ned kunstige skilje mellom by og distrikt, og føre ein heilskapleg politikk for heile landet. Vi vil satse på nye arbeidsplassar i det grøne skiftet, fiber og digital infrastruktur, trygg og miljøvenleg transport og statlege arbeidsplassar i distrikta. Likeeins slår vi fast at vi vil satse på frivillig arbeid, kulturtilbod, nærleik til offentlege tenester, flytting av makt frå staten til regionane og kommunane og desentraliserte utdanningstilbod.

Landsmøtedelegasjonen frå Sogn og Fjordane:

Venstre sine utsendingar på landsmøtet: Gunhild Berge Stang (Fjaler / ordførar / fylkesordførarkandidat Vestland Venstre), Jan Henrik Nygård (Kinn / fylkesleiar), Ole Martini (Eid / leiar Vestland Unge Venstre), Alfred Bjørlo (Eid / ordførar / fylkestingskandidat), Trude Risnes (Sogndal / ordførarkandidat), Jacob Nødseth (Kinn / ordførarkandidat), Gunnar Osland (Askvoll / ordførarkandidat).

Kontaktinformasjon:

Gunhild Berge Stang: 976 53 785
Alfred Bjørlo: 480 82 652
Atle Hamar: 992 84 300

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**