Jærske og norske elevar streikar for klimaet. Det har dei god grunn til å gjere

Foto: Unni Fuglestad

I Jærbladet forrige veke hadde Time Venstre sine to kumulerte kandidatar eit lesarinnlegg. Les heile innlegget her.

Av:
Bjarte
Solheim 1. kandidat Time Venstre

Unni Fuglestad 2. kandidat Time Venstre, 2. kandidat fylkesvallista Rogaland Venstre

Venstre har både i og ute av regjeringa arbeida i mange år for ein betre klimapolitikk. Det som skjer og ikkje skjer i dette landet, er dei politikarane som styrer i dag, sitt ansvar. Når mange elevar over heile Noreg har valt å streike, så vil me understreke, sjølv om mykje har blitt gjort og blir gjort av regjeringa: Elevane har rett.

Ikkje fordi det ikkje skjer noko i klimapolitikken. Det skjer mykje. Og me kunne med glede lista opp alt Venstre gjer på dette feltet, det vere seg vår verdsleiande posisjon som elbil-nasjon, vår tilsvarande leiarposisjon innanfor grøn skipsfart, at me satsar milliardar på kollektivtrafikk, eller at me vernar sårbare havområder som Lofoten, Vesterålen og Senja mot oljeutvinning.

Likevel: Me oppfattar ikkje at ungdom som for tida streikar over heile verda, gjer dette av sympati med eit spesielt parti, eller i opposisjon til ei spesiell regjering, men at det vi snarare ser er ein genuin frustrasjon for at politikarane som kollektiv ikkje har gjort nok.

Det har dei rett i. At unge, som er dei som må leve lengst med konsekvensane, tek til gatene, er forståeleg. Global oppvarming vil ha store konsekvensar for matproduksjon, for artsmangfald, for busetjingsmønster og for levevilkår over heile verda. Vår generasjon er den fyrste som for alvor merkar desse endringane på kroppen – og den siste som kan gjere noko med dei.

At for lite har skjedd i klimapolitikken, handlar likevel ikkje om at politikarar ikkje har høyrt på folk, trur me. Det er nemleg noko politikarar er meir avhengige av enn noko anna: Stemmer ved val. Likevel har nok mange politikarar vore i overkant opptekne av å lytte til taleføre og godt organiserte veljargrupper (og næringsinteresser) som protesterer mot miljøavgifter og andre grep som tvingar oss til å endre livsstil, for det må me gjere. Me må difor lytte meir til ungdom, òg dei som ennå ikkje har stemmerett, for det er dei som vil leve lengst med konsekvensane av ein lite vellukka klimapolitikk.

Me må vidare ta større ansvar og gjere meir lokalt. I Time kommune har klimaplanen nok ein gong blitt utsett. Er det rett? Skal me ikkje gjere vår del for å minska utsleppa? Kva signal sender det? Som kandidatar for eit parti som meiner at klima må løftast fram som den viktigaste saka for framtida, lovar i alle fall me at bodskapen frå ungdomen har nådd fram til oss, og at me vil stå på for at Time skal vere ein kommune som tek klimatrusselen på alvor.