Kritisk til Sp-retorikk: – Nærheit som omgrep er ubrukeleg i praktisk politikk

Det er Venstre-politikar Knut Aastad Bråten i Nord-Aurdal som meiner dette. I ein fersk kronikk i avisa Nationen stiller han ei lang rekkje spørsmål rundt Senterpartiets bodskap om nærheit i valkampen.

FAGERNES: “Senterpartiet vann kampen om kommunane med lovnader om meir nærheit. Med lovnadene fylgjer sjølvsagt forventningar. Kva er politisk nærheit – i praksis”, spør han innleiingsvis.
Aastad Bråten har sjølv eit svar: – Nærheit som omgrep er inkluderande, godt og gir gode assosiasjonar. Men å bruke det i politisk samanheng blir ei nærmast umogleg oppgåve. Kva vi skal definere som nærheit er eit skjønnsspørsmål, opp til den einskilde å vurdere. Det finst ingen standardar for kva nærheit skal bety i praktisk politikk.
Venstre-politikaren kallar bodskapen verkelegheitsfjern.
– Korleis vil Senterpartiet omsette nærheitsfilosofien til praktisk politikk? Lokalpolitikk handlar om å forvalte ressursar og prioritere mellom desse. Kven skal eventuelt betale for tilbod og tenester, som til dømes eit postkontor eller ein helsestasjon nær innbyggjarane i kvar grend, viss det er dette partiet meiner, utfordrar Aastad Bråten.
“Med lovnadene fylgjer sjølvsagt også forventningar. I mitt hovud betyr det færre skulenedleggingar. Færre samarbeid på tvers av kommunegrensene. Fleire heimesjukepleiarar. Fleire ressursar til dei tenestene som alt finst. Med andre ord færre strukturelle grep som utfordrar opplevinga av nærheit. Er det dette vi vil sjå tendensane av framover” spør han i sin kronikk.

Sjølv har Knut Aastad Bråten tvilt seg fram til at samanslåing av kommunar er det rette.
– Etter å ha vore i kommunestyret i ei periode og sett korleis ein kommune blir driven, meiner eg det er mest formålstenleg med eit endå tettare og integrert samarbeid. Ta til dømes arbeidet med arealplanlegging. Det ville vore mykje betre å sjå heile Valdres under eitt når vi skal forme framtidas arealpolitikk, ikkje minst arbeidet med ein heilskapleg hyttepolitikk, seier Aastad Bråten.


Han er overtydd om at det kjem ei ny runde med kommunesamanslåing.
– Kommunesamanslåingsprosessen for nokre år tilbake var ikkje særleg vellukka. Det har regjeringa lært. Eg trur det vil kome ein ny samanslåingsprosess i framtida – og eg trur den vil kome om regjeringa er blå eller raud. Då vil ein heller ikkje spørje etter folkeviljen, men styre samanslåingane frå Stortinget. Eg trur Valdres-samfunnet alt no kan byrje å rigge seg for ei framtidig storkommune, seier Venstre-politikaren.
Han kjem også inn på at små tilhøve kan ha svært vanskelege og betenkelege sider.
“Eg kjenner saksbehandlaren med altfor tette band til ho som ynskjer fritak frå buplikta. Eg kjenner han som ynskjer å byggje hytter, og som er på godfot med ordføraren. Nærheitsdilemmaet finst også i Noreg. I Frankrike kallar dei det korrupsjon”, heiter det i kronikken.
– Eg vil kalle dette mest for eit slags litterært grep. I denne samanhengen tenkjer eg ikkje på konkrete personar, men det er eit faktum at nærheit mellom saksbehandlarar og innbyggjarar kan by på utfordringar med omsyn til habilitet, presiserer Knut Aastad Bråten.

I kronikken peiker han på at det går føre seg ei sentralisering i Norge, i Europa og i verda. Og slik har det vore sidan den industrielle revolusjonen. “Sentralisering dreier seg ikkje berre om politisk uvilje frå ei distriktsfiendtleg regjering, men òg om naturlege endringar. Fordi? Fordi jobbgrunnlaget i bygda alltid har vore avgrensa. Fordi du og eg er utstyrte med fri vilje til sjølve å velje kor vi vil bu. Og fordi teknologien endrar måtane vi bur og arbeider på. Når kommunikasjonen blir digital, må Posten finne nye måtar å vere Posten på. Når bonden byter ut gardsguten med maskiner, blir det færre arbeidshender i landbruket”, skriv Aastad Bråten.
– Sentraliseringsdebatten dreier seg veldig mykje om dei fysiske omgjevnadene, men gløymer å ta inn over seg den digitale revolusjonen, som har gjort at fleire og fleire av tenestene kan utførast frå din eigen PC, seier han.

– Profetiske eigenskapar
“Senterpartiet var motmakt-partiet som fekk makta. Den gneldrande bikkja har blitt ei brølande løve. Ein ting er kva dei seier. Noko anna er kva dei gjer. «På Bjorli forsvann postkontor, stasjon og bank – og legekontoret på Lesjaskog var lagt ned – alt under raudgrøn regjering og i det raudgrøne kommunestyret», skriv Høgre-politikar Hanne Alstrup Velure på Facebook.
Senterpartiet vil snu sentraliseringsmaskineriet med meir nærheit. Det skal som kjent profetiske eigenskapar til for å gjere helvete om til himmel”, avsluttar Knut Aastad Bråten sin kronikk i Nationen.
Denne saka står på trykk i Avisa Valdres.