Riksveg 13 skal rassikrast

Sveinung Rotevatn og Alfred Bjørlo - listetopper i Vestland 2021, Alfred Bjørlo

I regjeringa sitt framlegg til NTP vil det bli sett av over 1,3 milliardar kroner til rassikring og vegutbetring av Riksveg 13 frå Ullensvang til Sogndal. Strekninga blir Nye Veier AS sitt første prosjekt på Vestlandet.

– Venstre har lenge kjempa for meir midlar til rassikring. Det er svært gledeleg at vi no får til denne satsinga på ein av landets mest rasutsette vegar i ny Nasjonal Transportplan, seier Venstre sine førstekandidatar til Stortinget i Hordaland og Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn og Alfred Bjørlo.

Riksvegstrekninga mellom Skare i Ullensvang og Sogndal har totalt 62 skredpunkt kor om lag 32 punkt er kategorisert med middels og høg. I tillegg til rasfare er vegen òg prega av tidvis svært smal vegbredde og mange ulukker. I det vidare planleggingsarbeidet vil Nye Veier prioritere investeringar som reduserer rasfare og oppnå ein akseptabel minimumsstandard og legge til grunn mest mulig rassikring per budsjettkrone.

– Riksveg 13 har lenge vore skredutsett. Denne vegen er viktig for folk lokalt, men ikkje minst viktig som nasjonal turistveg inn til Hardanger. Venstre har hatt spesielt fokus på å forbetre rasutsette og trafikkfarlege vegstrekningar i denne NTP. Gode og trygge vegar er viktig for kvardagen til folk og for næringslivet, seier Sveinung Rotevatn, Venstre sin 1. kandidat til Stortinget i Hordaland.

– Seinast for to veker sidan gjekk eit større skred over Rv 13 mellom Hella og Leikanger som kunne ha fått fatale følgjer. Det er heilt nødvendig for folk og næringsliv i Sogn at Riksveg 13 no blir løfta fram i NTP, og at innsatsen skal rettast særskilt inn mot rassikring og utbetring av flaskehalsar, seier Alfred Bjørlo, Venstre sin 1. kandidat til Stortinget i Sogn og Fjordane.