Kulturministeren: Eit løft for musea i heile landet

- Musea er viktige fordi dei fortel historia om kven vi er, og kven vi har vore, men det er òg naudsynt å tenkje på kva musea skal vere i framtida, seier Raja., Foto: Kulturdepartementet

– Mitt mål er å løfte kunst- og kulturlivet i heile landet. Eg trur og håpar at meldinga vil utgjere ein stor forskjell for musea framover. I dag la kulturminister og nestleiar i Venstre, Abid Q. Raja, fram meldinga om musea i Noreg.

– Musea er viktige fordi dei fortel historia om kven vi er, og kven vi har vore, men det er òg naudsynt å tenkje på kva musea skal vere i framtida, seier Raja.

Viktige samfunnsinstitusjonar

Stortingsmeldinga tek føre seg heile museumssektoren og har fokus på musea som samfunnsinstitusjonar som skal trygge infrastrukturen for demokrati og frie ytringar. Det blir tatt fleire konkrete grep i meldinga.

Meldinga inneheld satsingar som publikum i heile landet vil merke.

Abid Q. Raja

– Eg er glad for at vi no får til reelle satsingar rundt om i Noreg knytt til både bygningsarv, kystkultur og visuell kunst, seier Raja.

Løftar kystkulturen

Departementet ønsker òg særlege løft for kystkulturen og for den visuelle kunstscena i Nord-Noreg gjennom prioritering av investeringssøknadar. I tillegg blir det oppretta ei prosjektgruppe som skal jobba mot at Forsvarets museum vert overført til Kulturdepartementet innan 2024.

Fleire konkrete prosjekt får òg støtte til nye investeringar.
– Dei er ein viktig del av kulturarven og historia vår. Eg gler meg til framdrifta på desse prosjekta, seier Raja.

Prioriterte prosjekt:

  • Maritimt vitensenter, Randaberg, Tungenes
  • Nordnorsk kunstmuseum, Tromsø, Bodø, Longyearbyen
  • Riddo Duottar Museat, Karasjok
  • Formidlingsbygg Odderøya, Agder
  • Grenselandmuseet, Kirkenes
  • Holvikejekta, Nordfjord
  • The Whale, Vesterålen
  • Fartøyvernsenteret, Hardanger og Voss
  • Skrei, Lofotfiskets kullturarvsenter, Lofoten

Auka tilskott til fleire museum

For å oppretthalda aktivitet prioriterer regjeringa og auka tilskott til fleire rekke museum.

– Koronasituasjonen er svært krevande for fleire av våre museum. Museum med under 60 prosent offentleg finansiering har til nå søkt kompensasjonsmidler fra ulike støtteordninger. Vi ønsker å sikra forutsigbare økonomiske rammer for at disse museene opprettholder sin aktivitet på et godt nivå og beholder sine ansatte i arbeid.

Fem konkrete mål

Meldinga løfter fram musea som relevante samfunnsinstitusjonar fram mot 2050, og legg vekt på at musea må vere oppdaterte og aktuelle i kva dei samlar på, korleis dei formidlar kunnskap og korleis dei samhandlar med omverda. I stortingsmeldinga blir det formulert fem viktige mål for den vidare utviklinga:

  1. Solid kunnskapsproduksjon legg vekt på heile kunnskapsproduksjonen til musea. Forskinga får eit ekstra løft i tråd med ambisjonen frå Granavolden om å gjøre vår nasjonale kulturarv mer tilgjengelig ved å styrke museenes forsknings- og formidlingskompetanse. Betre kunnskap om publikum er òg understreka.
  2. Relevant formidling peikar på at formidlinga må treffe samtida og alle målgrupper mellom anna gjennom formidlingsformer som fungerer. I dette ligg at nye grupper må takast inn i musea sitt arbeid og musea må aktivt søkja å representera eit mangfald av historier, stemmer, erfaringar og perspektiv og sikra tilgjenge for alle.
  3. Heilskapleg samlingsutvikling løfter fram samlingsutvikling som ei eige, svært viktig side av museumsverksemda. Å sikre representativitet og nye stemmer, i tillegg til å prioritere kva som skal takast vare på, er kjerneoppgåver.
  4. Trygg ivaretaking løfter fram at det er ein sentral del av museumsverksemda å sjå til at kulturarven vert ivareteke på ein trygg måte for lang tid framover og peikar på kva som krevst for å oppnå dette.
  5. Aktiv samhandling lyfter fram samhandling med andre aktørar på mange ulike måtar og område som avgjerande viktig for den vidare utviklinga. Musea sin arenafunksjon er ein del av dette.