Fullt gjennomslag for å flytte Staten ut!

Alfred , Rebecca Amber

Venstres landsmøte har i dag vedtatt at statleg tilsette som ønskjer å flytte frå større byar til distrikta, skal få «flytterett til eigen jobb» dersom dei jobbar med oppgåver som ikkje er stadbundne.

– No går Venstre i front for ein heilt ny og framtidsretta måte å drive god distriktspolitikk på, seier Alfred Bjørlo, leiar i Venstres distriktspolitiske utval, ordførar i Stad og 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane.

Samtidig har Venstre-landsmøtet vedtatt mellom anna full breibandsutbygging i heile landet innan 2025 med betydeleg auka statleg finansiering av fiberutbygging i distrikta, billigare flyprisar på kortbanenettet og at utdanningstilbod på alle nivå skal bli langt meir tilgjengeleg over heile landet enn i dag.

Distriktspolitisk utval i Venstre har også fått gjennomslag for alle sine framlegg innanfor landrukspolitikken for å sikre eit sterkt landbruk over heile landet som utnyttar utmarksressursane og prioriterer kjøt- og mjølkeproduksjon i distrikta.

– Venstre har no vedtatt ein samla «pakke» av god distriktspolitikk der vi kombinerer grøn omstilling og vekst i distrikts næringslivet med å ta i bruk moglegheitane ny teknologi gir til å desentralisere makt, arbeidsplassar og høvet til å leve gode liv over heile landet. Det programmet Venstres landsmøte no har vedteke, er eg stolt av at å legge fram for veljarane i Sogn og Fjordane, seier Alfred Bjørlo.