Hels på våre nye valkampsrådgivarar

Agnes Bernes og Miriam Seim, Foto: Ole Martini

Vestland Venstre har tilsett to nye valkampsrådgivarar. Våre nye tilskot heiter Miriam Louise Seim (25) og Agnes Hoshovde Bernes (26). Begge kjem frå Alver kommune i Nordhordland, men bur for tida i Bergen.

Miriam er forholdsvis ny i Venstre og meldte seg inn i 2019. Men på den korte tida ho har vore i partiet har ho imponert veldig. I valkampen i 2019 var ho tilsett i Bergen Venstre som valbodansvarleg. I januar 2021 vart ho valt som nestleiar i Bergen Venstre og ho er og på 8. plass på stortingslista i Hordaland valkrins. Ho studerer for tida Samfunnsøkonomi på UiB og skal byrje på mastergrad til hausten. Miriam er tilsett som valkampsrådgjevar for Vestland Venstre i ein 100% stilling.

Agnes har vore aktiv i Venstre sidan 2011 og hatt fleire verv i båe Unge Venstre og Venstre. Ho har tidligare vore leiar i Hordaland Unge Venstre, sete i sentralstyret til Unge Venstre, sete i kommunestyret i Radøy Kommune og er for tida 2. nestleiar i Vestland Venstre. Ho er og vara til fylkestinget og er sekretær for fylkestingsgruppa. Ho har ein master i samanliknande politikk og studerer for tida praktisk pedagogikk på UiB. Agnes er tilsett som Valkampsrådgjevar med hovudfokus på Sogn og Fjordane valkrins. Stillinga er på 30% men skal aukast til 80% frå 1.juni.

Litt fun facts: Agnes og Miriam har vore vennar sidan dei begge gjekk på Knarvik Vidaregåande Skule i lag og dei har tidligare begge sete i Ungdommens fylkesutval i Hordaland. Agnes er litt over gjennomsnittet opptatt av nynorsk og har Ivar Aasen hengande på støveveggen. Draumen er å bu i Ivar Aasens gate i Bergen sentrum. Miriam har eit bilete av ein graf som viser veksten til Oljefondet på støveveggen. Ho er særs opptatt av velferdsstatens bærekraft og fire stjernes middag på TVNorge.

“Vi gleder oss til å komme i gang og kjempe for å få både Sveinung og Alfred inn på Stortinget!” seier Miriam og Agnes.