VENSTRE – EIT LITE, MEN VIKTIG PARTI

foto: Kjartan Alexander Lunde

Har du vurdert alle alternativa ? Har du lita tru på Venstre fordi partiet ikkje
ligg øverst på meiningsmålingane ?
Venstre arbeider for ein ny og framtidsretta miljøpolitikk. Noreg skal verta eit
føregangsland for moderne miljøteknologi og i bruk av fornybare energikjelder.
Livsgrunnlaget – jord, luft og vatn – må sikrast ved styrking av naturvernet.
Vi vil satsa stort på kollektivtrafikk i og omkring storbyane.
Venstre er partiet som priortiterer småverksemder og gründarar. Vi vil ha ein
skattepolitikk som styrkar nyskaping og miljøvern, betre samspel mellom
forsking og næringsliv og eit enklare Noreg. Det må verta like naturleg å skapa
sin eigen arbeidsplass som å vera andre sin arbeidstakar.
Venstre vil gje folk tillit i sosialpolitikken. Det er viktig at fellesskapet tek
ansvar for dei svakaste i samfunnet og gjev auka livskvalitet til dei som har det
tyngst.
Venstre er uavhengig av særinteresser, noko som er ein føresetnad for å tenkja
nytt og radikalt. Venstre er eit viktig parti, fordi vi brenn for sakene våre, og
fordi vi er avgjerande for eit borgarleg regjeringssamarbeid. Venstre er eit lite
parti, men med ambisjonar om å verta større. Det kan du hjelpa oss med. Di
stemme tel.
Med di stemme ved valet 13. september hjelper du Iselin Nybø til å få ein plass
på Stortinget frå Rogaland.

Kvernaland, den 2. august 2021

Knut Norddal