Venstre kuttar utslepp

Sveinung og Alfred
Foto: Helle Frogner

MDG sine toppkandidatar i Sogn og Fjordane skriv i Fjordabladet 12. august at “Venstre har svikta i klimapolitikken”. Det må dei sjølvsagt få lov til å meine, men det blir ikkje meir rett av den grunn. Venstre har kutta klimautslepp og endra norsk miljøpolitikk i regjering – langt meir enn nokon har gjort tidlegare, eller kva MDG kunne ha fått til saman med Ap og Sp.

I innlegget blir det påstått at utsleppsnedgangen vi no opplever ikkje er noko å la seg imponere over, sidan det var pandemi i 2020. Vel, pandemien påverka nok utsleppa i 2020. Men utsleppa gjekk ned året før også. Og året før det. Og før det. Og før det. Med Venstre ved roret har vi no hatt fem strake år med utsleppsnedgang. Dei norske klimagassutsleppa er lågare enn dei har vore på nær 30 år.

Det skjer på grunn av politikk. Vi har satsa på elbilar, som no har blitt det føretrukne alternativet blant dei som kjøper ny bil – også her i Sogn og Fjordane. Vi satsar på grøn skipsfart, der vi ikkje berre har kutt utsleppa på ferjesamband etter ferjesamband – men der dei verdsleiande maritime miljøa våre no har rigga seg med ein enorm konkurransefordel i det grøne skiftet. Brødrene Aa i Hyen er eitt av mange døme frå vårt eige nærområde.

MDG vil sikkert påstå at dei kunne fått til endå betre resultat. Men det blir ofte tynt med konkrete forslag når dei er ute og skriv i avisene. Det hjelper ikkje å stille seg på sidelinja, slik MDG gjorde når klimameldinga vart handsama i Stortinget i vår. Fine ord og rop om ultimatum kuttar i seg sjølv ingen utslepp. Det er politisk handverk og konkrete resultat som tel.

Uansett, Venstre og MDG er einige om måla i klimapolitikken. Grunnen til at Venstre likevel er det beste klimavalet, er at vi er det einaste miljøpartiet i Noreg med ordentleg næringsvett. Vi forstår at det ikkje blir grønt skifte med raude tal, og at bedriftene må lukkast i omstillinga.

I tillegg sit Venstre i ei regjering som samla sett har snudd klimapolitikken frå utsleppsvekst til utsleppskutt – og eit sterkare Venstre betyr endå større fart i klimapolitikken. MDG sit i opposisjon, og varsla førre helg at dei no vil felle den sitjande regjeringa og opne for ei rein Ap-regjering. Vi veit mykje om korleis det går når Ap styrer landet. At utsleppa går ned, eller naturen blir tatt vare på, er ikkje blant erfaringane. Og det er heller inga klimatrøyst å finne med eit rekordsterkt Sp på raudgrøn side.

Med Venstre får du ein klimapolitikk som fungerer, som gjer at det løner seg å ta grøne val, og som spelar på lag med bedrifter og vanlege folk over heile landet. Det er vel verdt ei røyst 13. september.

Av Sveinung Rotevatn (Klima- og miljøminister og 1. kandidat for Venstre i Hordaland) og Alfred Bjørlo (1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane)