Tid for samling, ikkje splitting

Foto: Helle Frogner

Kampen mot klimaendringane er vår tids viktigaste sak – og må løysast av folk og samfunn i lag, på tvers av grenser. No er samarbeid, lagspel og alliansar viktigare enn nokon sinne. Ikkje om 10 år, ikkje om 20. Men no.

Eg blir alvorleg skremd over at Senterpartiet og SV sitt svar på klimautfordringa er at vi no som samfunn skal bruke tida på splitting, ikkje på samling. Splitte opp nye Vestland fylke, som har sett seg felles mål om nullutslepp innan 2030 og no mobiliserer og knyter band på tvers av gamle grenser for å gjere jobben i lag. Vi er i gang med å byggje framtidas grøne næringsliv på Vestlandet ved nye alliansar mellom by og distrikt – heia fram av små og store bedrifter på heile Vestlandet.

Sp og SV vil setje i spel EØS-avtalen, for å gå over til «alles kamp mot alle» i eit villniss av separate handelsavtaler der den sterkastes rett gjeld. Dei vil seie nei til EU sitt nye klimasamarbeid, som er eit felles rammeverk for grøn omstilling i heile Europa, og bli plattformen næringslivet på Vestlandet må arbeide mot for å skape nye arbeidsplassar i ei grøn framtid.

Dette er trist og alvorleg – for både klimaet og Vestlandet. Ei verd og eit Vestland med meir aleinegang og mindre forpliktande samarbeid, er ei verd og eit Vestland som sviktar framtida.

Resepten no må vere den motsette. Dette må vere Vestlandet si tid – saman. Det er no vi kan syne leiarskap. Det er no vi kan byggje ny grøn industri. Det er no vi kan ta leiarskap i å føre Noreg og Europa inn i ei ny, grøn framtid der bedrifter og lokalsamfunn på Vestlandet får fram nye løysingar, ny teknologi og nye grøne arbeidsplassar.

2021 er ikkje året for å dyrke draumar om fortida. Ikkje året for å nøre opp under gamalt nag og frykt for Bergen frå gamle Sogn og Fjordane. Ikkje året for å setje opp nye murar mot eit Europa i rask endring frå svart til grønt.

Nei, dette er tida for at nordfjordingar og sunnfjordingar sit ved same bord som hardingar og bergensarar – med felles mål for framtida. Klimakampen skjer no.

Venstre vil vere garantisten for meir samarbeid. På Vestlandet. I Noreg. I Europa. I verda. Vår jobb som politikarar er å byggje bruer til framtida. Tida for murar må vere forbi. Ikkje minst på Vestlandet.

Alfred Bjørlo, 1. kandidat for Venstre i Sogn og Fjordane