Bjørlo utfordrar regjeringa på distriktspolitikk

Alfred
Alfred Bjørlo: - Meir mangfald og mindre kjedemakt gir lågare pris, Foto: Helle Frogner

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (Sogn og Fjordane Venstre) utfordrar no regjeringa til debatt om desentralisering av fleire statlege arbeidsplassar og sterkare satsing på desentralisert høgare utdanning i distrikta.

– Med ny teknologi og nye samfunnstrendar har vi no tidenes moglegheit til å få ny fart på distriktspolitikken, ved at mange fleire kan få «ta med seg jobben» ut frå storbyane, og ved å gi tilgang til høgare utdanning gjennom heile livet uansett kvar du bur. Moderne distriktspolitikk handlar om å gripe sjansane ei ny tid gjev oss – ikkje om å bruke all energi på å reversere og drøyme om fortida slik Ap- og Sp-regjeringa ser ut til å ville bruk mest tid og pengar på, seier Alfred Bjørlo, Venstres medlem i Næringskomiteen på Stortinget.

Moderne distriktspolitikk handlar om å gripe sjansane ei ny tid gjev oss - ikkje om å bruke all energi på å reversere og drøyme om fortida

Alfred Bjørlo

– Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum strør om seg med pengar og er entusiastisk når det er noko han kan reversere, men er fråverande i dei verkelege viktige debattane om distrikts-Noreg si framtid: Korleis vi kan nytte ny teknologi og nye samfunnstrendar til å la fleire statlege jobbar flytte ut, få til meir desentralisert, fleksibel høgare utdanning og få fart på distrikts-næringslivet. Det er bakgrunnen for at Venstre og eg no fremjar to interpellasjonar om distriktspolitikk, seier Bjørlo.

Debattane vil finne stad i Stortinget 8. februar (fleire statlege arbeidsplassar i distrikta) og 17. februar (desentralisert høgare utdanning).

Desse interpellasjonane har Bjørlo (V) fremja:

1. Om desentralisering av statlege arbeidsplassar – stila til Kommunalministeren

Regjeringa varslar i Hurdalsplattforma at ein vil følgje opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala i NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying av distriktspolitikken. Utvala peikar på at desentralisering av statlege arbeidsplassar for å skape ein variert arbeidsmarknad også i distriktsregionar utan tunge statlege institusjonar er eit viktig element i ein forsterka distriktspolitikk. Norman-utvalet foreslår å prøve ut fleire desentraliserte, samlokaliserte mindre einingar av statlege verksemder, etter modell av “Statens Hus”-pilotane, og Solberg-regjeringa tok initiativ til å prøve ut “flytterett til eigen jobb” for tilsette i staten. Korleis vil regjeringa følgje opp og forsterke arbeidet med desentralisering av statlege arbeidsplassar, slik at mellom anna fleire statleg tilsette kan få fridom til å ta jobben med seg ut av dei største byane utan at sjølve institusjonane vert flytta?

Her vil du finne meir informasjon.

2. Om desentralisert, fleksibel høgare utdanning – stila til Forskings- og høgare utdanningsministeren

Regjeringa varslar i Hurdalsplattformen at ein vil følge opp tilrådingane frå Brandtzæg- og Norman-utvala, jf. NOU 2020: 12 og NOU 2020: 15 om fornying og utvikling av distriktspolitikken. Eit sentralt element i utvala sine tilrådingar er å legge til rette for meir fleksibel, desentralisert fagskule- og høgskuleutdanning for å dekke kompetansebehovet til folk, næringsliv og kommunar i distriktsregionar utan faste studiestadar. Det finst i dag ei rekke ulike studiesenter som mobiliserer til og organiserar desentraliserte utdanningstilbod, med svært variable organiserings- og finansieringsmodellar. Korleis vil statsråden arbeide med å sikre meir heilskapleg organisering av og auka tilgang til fleksibel, desentralisert høgare utdanning i Distrikts-Noreg, til dømes gjennom å bygge på innspel oversendt departementet frå Inviro AS om “Studiehub Nordfjord” i desember 2021?

Her vil du finne meir informasjon.