Venstre om kutt i Ocean Space Center: – Havnasjonen snublar på startstreken

Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo: – Meir ENØK-støtte til folk flest, Foto: Helle Frogner

– Det er uaktuelt for Venstre å godta Ap og Sp sitt forslag om å utsette Ocean Space Center. Dette er den verst tenkelege starten på arbeidet med å bygge opp havnæringane til framtidas store næringar i Noreg, og er eit gedigent løftebrot frå Statsminister Støre. I denne kampen skal ikkje Trondheim og Trøndelag stå åleine.

Det seier Venstres medlem i Næringskomiteen, Alfred Bjørlo, i ein kommentar til regjeringa sitt forslag om å utsette Ocean Space Center.

– Resten av Europa setter no inn turbogiret i å satse på grøn skipsfart, havvind og andre havnæringar. Då kan ikkje Noreg snuble på startstreken. Ocean Space Center-prosjektet vil gje ringverknader for heile Noreg, og skal vere ein motor for framtidsretta utvikling langs heile kysten av Noreg frå nord til sør. Venstre vil prioritere forsking og klima – Ap/Sp-regjeringa gjer nøyaktig det motsatte med dette forslaget til Revidert Nasjonalbudsjett.