Fylkestingsgruppa søkjer gruppesekretær

Foto: Vestland Venstre

Vil du være med å bidra til meir liberal og grøn politikk i Vestland? Venstre si fylkestingsgruppe søkjer gruppesekretær i ein 20% stilling. Stillinga vil gjelde fram til valet i 2023. Denne stillinga er perfekt for studentar eller andre som er på jakt etter deltidsjobb.

Eigenskapar:

  • God oversikt og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • Læringsvillig
  • Generelt god digital forståing
  • God formidlingsevne
  • Gode samarbeidsevner

 

Kvalifikasjonar:

  • Har interesse for eller erfaring frå politikk
  • Erfaring frå organisasjonsarbeid er positivt
  • Kunnskapar om sosiale medier
  • Medlemskap i partiet er ikkje ein føresetnad for å søke, men du må kunne stå inne for partiet sitt verdigrunnlag og politiske profil

 

Arbeidsoppgåver:

  • Innkallingar til møter, møteforebuingar og skrive referat
  • Oppdatere nettsider
  • Leggje ut og produsere innhald til sosiale medier
  • Sekretærarbeid på nokre politiske møter og samlingar

 

Arbeidsstad: I hovudsak heimekontor, men det er og mogleg å bruke Venstre sitt kontor på fylkeshuset på Sandsli i Bergen.

 

Søknadsfrist: 12. september

Oppstart etter avtale.

 

Vil du ha meir informasjon om stillinga kan du ringe gruppeleiar Geir Kjell Andersland tlf. 414 18 980 eller Agnes Bernes tlf. 907 87 545.

Søknad og CV sendes til [email protected]