Nominasjonsmøte og fylkessamling for Vestland Venstre 19. og 20. november

Venstre

Styret i Vestland Venstre har kalla inn til nominasjonsmøte for vallista til fylkestingsvalet i Vestland fylke laurdag 19. november.

Møtet arrangerast i samband med fylkessamling for Vestland Venstre same helg.

Nominasjonsnemnda vil offentleggjere si innstilling til liste kring månadsskiftet.

Møtet vert på Scandic Bergen City, same stad som fylkesårsmøtet var i februar.

Møteboka finn du her: Møtebok-nominasjonsmøteVV-22

Det er oppretta eit Facebook-arrangement for møtet/samlinga

Program

Laurdag:

11:30 – Registrering

12:00 – Møtestart
– Opning –
Innkalling, sakliste og program godkjennast
Namneopprop – sjå deltakarliste

Konstituering

13:00 – Lunsj

13:45 – Nominasjonsmøtet fortsett

Innstilling frå fullmaktsnemnda

Leiar av nominasjonsnemnda gjer greie for nominasjonsprosessen og innstillinga

Generell debatt på listeforslaget

Kandidatpresentasjonar og eventuelle støttetaler

Nominasjon

Vedtak av fullmakt til supplering

Val av tillitsvalde for lista

Appellar

15:30 – kaffepause

15:45 – Fylkesprogram ved Ole Martini

Programnemnda har lagt fram sitt førsteutkast. Frist for å kome med endringsforslag til dette utkastet er søndag 20. november, siste dag av fylkessamlinga.

Korleis skal vi dekke kraftbehovet, samstundes som vi tek vare på naturen? Kva skal innhaldet i skulen vere, og korleis hindrar vi fråfall? Korleis skal vi nå klimamåla vi har sett? Skal vi gå inn for ein parlamentarisk styringsmodell i Vestland?

17:30 – Sosiale parallelsesjonar

  • Bybanevandring med Ingrid
  • Vinsmaking med Heine
  • Strikk m noko attåt

19:30 – Middag

Søndag:

10:00 – 11:30 – Alfred og Sveinung, kva kan stortingsrepresentantane skryte av sidan forrige oppdatering og kva kan dei bidra med for lokallaga?

11:30-12:15 – Lunsj og utsjekk

12:15 –14:00 Programarbeid og valkamp.

14:00 Kaffepause

14:15 – Lokale heltar

14:30 – Fylkestingsgruppa rapporterar om arbeid som pågår

14:50 – Avslutning

Nominasjonsmøtet er i følge vedtektene i utgangspunktet eit ope møte.

Lokallagsleiar pliktar å orientere medlemmene i sitt lag om innkallinga.

Lokallaga må i god tid før nominasjonsmøtet arrangere medlemsmøte for å velje utsendingar frå laget til nominasjonsmøtet i valkrinsen. Lokallagsleiar melder deretter fra om kven som er valde fra laget.

Påmeldingsfrist er 3. november

Påmelding for alle via denne linken: https://forms.gle/dhvYSiJKskSqQ1F58
I skjemaet gjer ein beskjed om overnatting o.a. Informasjon om prisar er sendt lokallagsleder og er oppgitt i påmeldingsskjemaet.

Spørsmål kan rettast til fylkesstyremedlem Elizabeth Toft Erichsen på epost elizabeth.erichsen@venstre.no eller fylkesstyremedlem Kent Are Kjørsvik Petterson på epost kentarepetterson@gmail.com