Eit grønt og levande Vestland: Forslag til valprogram

Ole Martini er styremedlem i Vestland Venstre og har leia arbeidet med programmet., Foto: Mona Lindseth

Programnemnda til Vestland Venstre lanserer i dag sitt førsteutkast til valprogram for perioden 2023 – 2027.

– Venstre ser framover, og ikkje bakover. I staden for omkamper, ønskjer vi å satse på og styrke Vestland. Då gjeld det å gripe moglegheitene, seier Ole Martini, leiar av Vestland Venstres programnemnd.

Venstre vil at Vestland skal vere eit føregangsfylke i klima- og miljøpolitikken. Det skal vere enkelt og billeg å ta dei miljøvenlege vala i kvardagen, og det skal vere godt å leve og bu i heile Vestland. Dette har vore rettleiande for nemnda sitt arbeid med programmet.

Les førsteutkastet her!

Send inn dine endringsforslag til førsteutkastet
Frist: 20. november.

Betre og billegare kollektivtransport

Kollektivtransporten skal vere billeg og tilgjengeleg. Venstre ønskjer å senke prisane på periodebillettane, sørge for fleksible billettsystem og saumlaus korrespondanse for buss, bane, ferje, båt og fly.

– Kollektivtrafikken er i ein krevjande situasjon etter pandemien. Venstre meiner at svaret må vere å fortsette å styrke kollektivtransporten, og ikkje å kutte i tilbodet, seier Martini.

Ein skule for framtida

Det er fortsatt altfor mange som ikkje fullfører og består den vidaregåande opplæringa. For å redusere fråfallet ønskjer Venstre å styrke elevane sin valfridom og påverknad over eigen skulekvardag, og sikre læreplass til dei som går yrkesfaglege laup. Vårt mål er å skape ein skule der alle elevar får moglegheita til å dyrke og utvikle sine eigne eigenskapar og interesser.

– Vestland skal ha Norges beste vidaregåande skule. Venstre vil gi elevane meir valfridom enn dei har i dag, seier Martini.

Programmet vedtakast på årsmøtet til Vestland Venstre i mars 2023.

Programnemnda starta sitt arbeid kort tid etter fylkesårsmøtet i februar, og har etter fleire innspelsrunder kome med sitt førsteutkast til valprogram for perioden 2023 – 2027. No opnast det for at medlemar, lokallag og sideorganisasjonar kan kome med sine innspel. Fristen for å fremje endringsforslag er søndag 20. november 2022. Deretter vil programnemnda leggje fram eit endeleg programforslag som skal handsamast på årsmøtet i mars.

Vestland Venstres programnemnd leiast av Ole Martini og består elles av Geir Angeltveit, Ingrid Nergaard Fjeldstad, Irene Storøy, Jacob Nødseth, Åsta Årøen, Jens Håkon Birkeland (Vestland Unge Venstre) og Camilla Elen Berg Larsen (Vestland Venstrekvinnelag).