Venstre vil ha biogass-løft i Noreg: – 10 TWh biogass før 2030 kan avlaste straumnettet

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo, Foto: Helle Frogner

– Noreg må følgje etter EU og satse for fullt på biogass som ei av framtidas viktigaste energikjelder. Det er fullt mulig å skaffe 10 TWh ny energi frå biogass i Noreg før 2030. Det vil gjere biogass til ei av energikjeldene som verkeleg monnar for å løyse straumkrisa, samtidig som det løyser andre miljøproblem og skaper ny eksportnæring.


Det seier Venstres næringspolitiske talsperson, stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V), som no utfordrar regjeringa til å kome til Stortinget for å svare på ambisjonar og mål for norsk biogass-satsing. Bjørlo har levert følgande interpellasjon til Olje- og energiminister Terje Aasland:
«Auka produksjon og bruk av biogass kan kutte klimautslepp, løyse lokale miljøproblem og gi ny verdiskaping. EU, Sverige og Danmark satsar stort på biogass, medan Noreg ligg langt etter sjølv om vi har enormt behov for ny rein energi raskt. Biogassnæringa har i tillegg stort eksportpotensiale. Kva vil regjeringa gjere for å auke produksjon og bruk av biogass i Noreg og stimulere til eksport av biogassteknologi?»

– Sist veke kom ein rapport som syner at vi kan få opptil 20 TWh inn i energisystemet i Noreg frå biogass, og at mykje av det kan kome på plass raskt. Det gjer biogass til den raskaste vegen til nok energi i Noreg, saman med ENØK og sol, seier Venstres Alfred Bjørlo

– Ikkje berre gir biogass nullutslipp i transport. Biogass fjernar også store mengder metangass som i dag ligg i deponi og møkkakjellarar. Legg vi til at Noreg har tung kompetanse i å bygge biogassanlegg og stigande biogassprisar internasjonalt, så har vi i Noreg utruleg store mulegheiter til å gjere mykje bra både for klima og næringsliv.

– Det viktigaste no er at vi set eit tydeleg nasjonalt mål for kvar vi vil med biogass, at vi heng med i tempoet EU og EU-land har på utrulling av biogass, og får rydda i det norske virkemiddelrommet. I dag veit knapt Enova kva Innovasjon Norge gjer på biogass, og på toppen kjem no nye Bionova

– utan at virkemidla samla sett gir tilstrekkeleg kraft. Med dei enorme grøne pakkane som no kjem i USA og EU, må vi setje opp farten i Noreg for å henge med i det grøne skiftet, seier Alfred Bjørlo (V).