Ei framtidsretta kommune for næringslivet

Kommunen er Haram sin største arbeidsgivar, og har difor eit ekstra stort ansvar. , Josh Olalde on Unsplash

Haram skal vere ein motor for nyskaping og vekst for heile Nordvestlandet. For å få til dette ynskjer Haram Venstre å skapa eit godt næringsklima i kommunen, spesielt for nye vekstbedrifter.

Eit dynamisk næringsliv treng både arbeidsskaparar og arbeidstakarar. Haram Venstre ynskjer å skapa ein enklare kvardag for småbedriftseigarar i kommunen, og leggje til rette for at fleire kan skapa og utvikla nye bedrifter.

Haram skal tiltrekke seg kompetanse og arbeidskraft. Kommunen må i større grad enn i dag spele rolla som nettverksbyggjar og tilretteleggjar for kontakt mellom personar og institusjonar som ynskjer å skapa noko for seg sjølve og andre.

Haram har tre næringsutfordringar som må løysast dei neste fire åra:

  • Etablere fleire kunnskapsbedrifter
  • Nytta potensialet som ligg i kommunen sin beliggenheit
  • Ta tilbake kommunen sitt gode omdøme som næringsaktør

 

Haram Venstre vil:

  • Opprette eit open nettverksforum mellom kommunen, næringslivet og utdannings- og forskingsinstitusjonane.
  • Utfordre Høgskolen i Volda og NTNU til å bli ein tydelegare utviklingsaktør i Haram
  • I samarbeid med fylkeskommunen eller ideelle organisasjonar opprette ein naturbrukslinje for til dømes fiskeri, jordbruk, hest og gartneri på Nordøyane
  • Opprette ein “Campus Søvika verft” for å skape ein utviklingsarena i samarbeid mellom skolane, høgskolen, fagskulane, kommunen, bedriftene og fylket.
  • Arbeide for at ID-huset framleis er ein kulturaktør i nasjonal klasse.
  • Utvikle gjestehamn(ar) langs kysten i kommunen.
  • Opprette “Opplev Haram” og gje den rolla som samarbeidsorgan for å heve kvaliteten på opplevingstilboda i kommunen.
  • Jobbe for eit kunnskaps- og opplevingssenter på Bjørnøya.
  • Gjennom kommunal utviklingspolitikk jobbe for meir handelsaktivitet på Eidet.