Miljø- og klimapolitikk i nye Haram

Haram Venstre

Klimaet på jorda er i dramatisk endring. Millionar av menneske vil verte miljøflyktningar dersom ikkje utsleppa av klimagassar vert reduserte. Haram skal òg ta sitt ansvar for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. Haram Venstre vil leggje dette til grunn for alle politiske vedtak og gjere Haram til ein av dei fremste kommunane i Noreg til å ta i bruk ny miljøteknologi.

Energieffektivisering er avgjerande for å redusere utslepp av klimagassar og sikre framtidig energiforsyning. Særleg er det viktig at nye bygningar krev lite oppvarming og er fleksible for ulike oppvarmingsløysingar. Kommunen har eit særskilt ansvar når det gjeld å ta i bruk nye og meir miljøvennlege løysingar. Alle nybygg, all oppvarming og all transport i kommunen si regi skal vere klimavennleg.

For å følgje opp at kommunen faktisk gjer jobben sin, må forpliktande planar og god rapportering følgjast tett opp. Ei av dei viktigaste, men lite kjende, miljøutfordringane er det biologiske mangfaldet. Haram kommunen må ha større søkelys på vårt biologiske mangfald og arbeide for at dette vert ivareteke i større grad enn det som vert gjort i dag. Dette må kartleggjast, og det må utarbeidast folkeleg informasjon om kvar dei ulike artane er, korleis dei ser ut, kva krav dei har til livet, og kva som skal til av skjøtsel for å behalde dei i kommunen til glede for oss og for komande slekter.

Alle planlagde reguleringsplanar og annan arealbruk må ha ei vurdering av kva biomangfald som blir berørt. Her bør Haram verte ein føregangs-kommune. Skolane bør engasjerast, lærarar på alle nivå (inkludert Haram vgs), og gjerne òg Høgskulen i Volda og NTNU, samt nasjonale forskingsmiljø.

Haram kommune har eit spesielt ansvar i forhold til havet. Haram Venstre krev fullstendig stopp av fosfatutsleppa frå landbruket ved sjøen. Alle bruk med tilknyting til havet skal følgje gjødselsplanar godkjente av landbrukskontoret.

For å stimulere til meir miljøvennleg avfallshandtering, er det gunstig med mindre avfall og meir kompostering. Haram Venstre ønskjer å belønne dei som kjeldesorterer og har komposthaug ved å gje reduksjon i dei kommunale avgiftene.

Lågare klimautslepp er eit felles ansvar og ei felles moglegheit.

Haram Venstre vil:

  • Bruke renovasjonsavgifta til å stimulere til klimavennleg åtferd gjennom 1/3 reduksjon i renovasjonsavgifta for dei som kjeldesorterer og nyttar seg av komposthaug.
  • Fremje bruk av vatnbåren varme i alle nybygg.
  • At det utviklast eit tilsyn for miljøvenleg hogst etter “Levande Skog Standards” intensjonar.
  • At biomangfaldet i Haram må jamleg registrerast og kontinuerleg ivaretakast. Vidare må dei områda som er dårleg kartlagt prioriterast. I tillegg må kommunen lage ein handlingsplan for svartelista og raudlista artar i kommunen.
  • At alle reguleringsplanar og annan arealbruk må ha ei vurdering av kva biomangfald som vert rørt.
  • Sørge for at alle kommunale bygg vert oppvarma ved hjelp av energieffektive metodar, slik som fjernvarme, biobrensel eller jordvarme.
  • Sørge for at alle kommunale verksemder vert Miljøfyrtårn-sertifiserte.
  • Arbeide for bruk av energieffektiv teknologi og bygningsmaterialar i alle nybygg i Haram.
  • At alle bilar som vert nytta av det offentlege nyttar lav-/nullutsleppsteknologi, slik som biodrivstoff, elektrisitet eller hydrogen innan 2030.
  • Arbeide for bruk av nullutsleppsteknologi i Møre og Romsdal Kollektivtrafikk, og setje krav om berre nullutsleppsbusser i Haram.
  • Setje krav om lav-/nullutsleppsteknologi ved utlysing og utsteding av taxiløyver.
  • Arbeide for at oljeselskapa skal påleggjast å setje opp pumper for biodrivstoff – E85, biodiesel og biogass.