Ikkje breitt forlik om lakseskatt

Sveinung Rotevatn
Nestleder Sveinung Rotevatn, Foto: KLD (CC)

– Venstre ønskte å forhandle vidare og finna ei god løysing, men regjeringa har lagt fram eit ultimativt krav det er vanskeleg for oss å akseptere, seier Sveinung Rotevatn.

– Våre krav i forhandlingane har vore å få ned det samla skattetrykket på næringa, å hindre at nye skattar får tilbakeverkande kraft og å få på plass betre miljøkrav. Diverre har ikkje regjeringa vore villige til å kome oss i møte, og då er det ikkje grunnlag for eit forlik, seier Sveinung Rotevatn, finanspolitisk talsperson for Venstre.

– Det har vore greie samtalar med dei andre partia, men det er tydeleg at venstresida er fast bestemt på å få denne skattesatsen så høg som mogleg. Og då er det vanskeleg for eit næringsparti som Venstre å vere med på. Dette er ein tapt moglegheit for ein meir næringsvenleg politikk, seier Sveinung Rotevatn.

–Venstre meiner ein moderat grunnrenteskatt er fornuftig, men regjeringa forstår openbart ikkje at skattebyrda dei foreslår kjem på toppen av ei allereie hard skattebyrde. Eg er skuffa, ikkje på vegner av Venstre, men på vegner av næringslivet som no får endå ei skattebyrde og over eit SV som har sagt at dette ikkje er nok. Skattane på næringslivet skal opp, seier Rotevatn

– Problemet med forslaget til regjeringa er at det vil dra for mykje kapital vekk frå kystsamfunna, at det råkar investeringar som allereie er gjort, og at det vil bremse omstilling i meir miljøvenleg retning. Og den nye skatten kjem på toppen av andre skattar regjeringa også har auka, som formuesskatt, utbyteskatt og arbeidsgjevaravgift. Summen blir for mykje, seier Rotevatn.

– Venstre har vore opne for å støtte ein grunnrenteskatt for havbruksnæringa, dersom den er innretta på ein måte som gir legitimitet. Næringa tener gode pengar på fellesressursar, og har sjølv sagt at den er open for å bidra meir. Samstundes var regjeringa sitt forslag alt for ubalansert, seier Rotevatn.