Til innhold

Gunnar Modén

Gunnar Modén (fødd 1949) er leiar i Nord-Aurdal Venstre. Han er fødd i Sverige, og bur i dag på Fagernes. Gunnar er pensjonist, men han har tidlegare arbeidd som rådgjevar og opplæringsansvarleg for skule og barnehage i Nord-Aurdal kommune. Han har stort engasjement innanfor kultur og idrett og tilrettelegging for både topp og breidde. Han er oppteken av at Nord-Aurdal skal vere ein attraktiv kommune for nyetablering, turistar og hytteinnbyggjarar.