Til innhold

Ingrid Nergaard Fjeldstad

Ingrid Nergaard Fjeldstad 2. kandidat for Bergen Venstre Foto: Helle Frogner

Venstre er teknologioptimistar som vil gje folk ein betre og enklare kvardag kor det alltid skal løne seg å velge dei grøne løysingane.

Til dagleg bur eg i eit rekkehus på Varden som vi flytta til fordi det var kort veg til skule, barnehage, buss og gode sykkelveiar. Kanadaskogen er ein kjær nabo som eg mener vi må få verna for at ho ikkje på noke tidspunkt byggast ned. Kulturhus, meirope bibliotek og opning av Sælenvassdraget er andre lokale saker eg vil kjempe for.

Perioden vi er inne i vil preges av store endringar. Vi må ikkje berre tilpasse oss, vi må skape løysingar verda treng for å løyse klimakrisa på ein måte som og sikrar vekst for bedriftar og for regionen vår.

Klimakrisa er skremmande, men det er mange viktige politiske grep vi kan ta. Vi kan byggje bybane i stedet for bilveiar. Vi kan fortette i stedet for å byggje hus i grøntområder. Vi kan utvikle sirkulærøkonomi og ikkje minst støtte bedriftar som vil ta i bruk ny teknologi og bidra til det grøne skiftet. Venstre er teknologioptimistar som vil gje folk ei betre og enklare kvardag kor det alltid skal løne seg å velgje de grøne løysingane.

Ei skule som ser både dei sterke og svake barna, er også ei sak eg brenn for. Etter pandemien sliter fleire barn med å takle skulekvardagen. Eg vil kjempe for ein skule som motiverer til læring og satser på kunnskap. Då må vi ha ei skule som ser kvar enkelt elevs behov, sånn at dei kan lykkast på skulen.

Helsing Ingrid.