Til innhold

Torstein Tvinnereim

Stryn kommune skal vere ein god stad å vekse opp. Skal Stryn vere det, må vi ha gode barnehagar og skular til ungdomen er ferdige med vidaregåande.

Sambuar med Ingeborg Koppen Hessevik, far til Trym (19) og Viljar (10) og Vårin (7)
Torstein er vår ordførarkandidat med brei og lang politisk erfaring.
Leiar i ordførarnettverket til Venstre
Landsstyremedlem i Venstre

Sit i fylkestingsgruppa til Venstre og er 6.kandidat til fylkestingsvalet 2023.

Arbeider som adjunkt ved Stryn vidaregåande skule, koordinator Skule-næringsliv i Stryn Næringshage i tillegg til å vere varaordførar.

Hobbyar: Aktiv innan idrett i ein mannsalder. Mellom anna vore leiar i Stryn fotball og Hardbagg idrettslag. Treskifestivalgeneral. Forfattar av Årringar og Ull innerst i sjela.

Politisk: Brenn for gode oppvekstvilkår gjennom både skule, barnehage og fritidsaktivitetar. Engasjert i Stryn si utvikling gjennom utvikling av arbeidsplassar, eit godt sentrum og tilrettelegging for busetnad i utkantane. Som politikar er Torstein løysingsorientert og har eit stort politisk nettverk. God til å søkje samarbeid for å få til best moglege løysingar for Stryn kommune.