Landskonferansen 2011

Venstres Hovudorganisasjon inviterar partiets folkevalde, tillitsvalde og vanlege medlemmer til landskonferanse helga 08.-09. oktober på Thon Hotel Opera, Oslo. Tema: Venstre fram mot 2013.

Kandidater til valg 2011, Venstre logo
Foto: Steinar Haugsvær

På konferansen skal vi samle lokale erfaringar frå valet i 2011 og diskutere mål , strategi og tiltak fram mot valet i 2013 – lokalt og nasjonalt. Alle folkevalde, tillitsvalde og medlemmer er velkomne til å delta.

Landskonferansen er eit årleg høve for alle Venstrefolk til å møtast til fagleg og sosialt opplegg, og er ein viktig arena for skolering fram mot valet i 2013. Her blir det høve til å møte både Venstres eigne toppolitikarar og eksterne innleiarar frå kultur og akademia.

Landskonferansen er nå fullbooket. Vi beklager til alle som ikke fikk plass i denne omgang.

Tid: Laurdag 8. og søndag 9. oktober 2011
Stad: Thon Hotell Opera, Oslo

VHO sponsar deler av konferansen. Eigenandel for deltakarane er:
Overnatting: Kr. 1000,-
Middag: Kr. 500,-
Dagpakkar: Kr. 350,- pr stk (inkl lunsj)

Venstrekvinnelaget arrangerer også eit seminar om samhandlingsreformen fredag 7. oktober. Sjå program nederst på denne sida.

Program

Laurdag 8. oktober

10:30 Innsjekking

11:00 Tale ved partileiar Trine Skei Grande

12:00 Venstre fram mot 2013. Innleiingar ved Venstres nye ordførarar. Debatt.

12:30 Lunsj

13:30 Venstre fram mot 2013 held fram.

15:30 Valfrie sesjonar, bolk 1:
• Sesjon 1: Ordførar- og varaordførarsamling, ved Terje Breivik
• Sesjon 2: Ny i kommunestyret, ved Eva Kvelland
• Sesjon 3: Ein representant i kommunestyret, ved Iselin Nybø
• Sesjon 4: Erfaringar frå valkampen 2011 og framover: Organisasjon, ved Kjartan Almenning
• Sesjon 5: Erfaringar frå valkampen 2011 og framover: Informasjon, ved Steinar Haugsvær

16:30 Kaffepause med lett servering

17:00 Venstres rolle i norsk politikk etter valet 2011. Panel. Per Anders Hoel, Drude Beer, Frank Rossavik. Ordstyrer: Abid Q. Raja

18:30 Venstres miljøpris 2011. Innleiing ved nestleiar Ola Elvestuen. Tale ved prisvinnar Bernt Nilsen, Folkeaksjonen mot giftutslipp i Bøkfjorden

19:00 Møteslutt dag 1

20:30 Middag

Søndag 9. oktober

09:00 Profilering og omdømmebygging. Panel. Ordstyrer: Steinar Haugsvær.

09:50 Velferd når du treng det. Innleiing ved Per A. Thorbjørnsen, leiar av Venstres velferdsutval

10:10 Venstres politikk mot 2013: Programprosessen. Innleiing ved Helge Solum Larsen

10:30 Valfrie sesjonar, bolk 2:
• Sesjon 1: Markering og gjennomslag i posisjon, ved Hans Antonsen og Mona H. Hellesnes
• Sesjon 2: Miljøpolitisk verkstad, ved Ola Elvestuen og Audun Rødningsby
• Sesjon 3: Skolepolitisk verkstad, ved Trine Skei Grande og Pål V. Pettersen
• Sesjon 4: Næringspolitisk verkstad, ved Borghild Tenden og Terje Breivik
• Sesjon 5: Velferdspolitisk verkstad, ved Per A. Thorbjørnsen, Kjartan Almenning, Anne Solsvik

11:30 Valfri sesjonar, bolk 3:
• Sesjon 1: Markering og gjennomslag i opposisjon, ved Toril Berge og Hanne Nora Nilssen
• Sesjon 2: Miljøpolitisk verkstad, ved Ola Elvestuen og Audun Rødningsby
• Sesjon 3: Skolepolitisk verkstad, ved Trine Skei Grande og Pål V. Pettersen
• Sesjon 4: Næringspolitisk verkstad, ved Borghild Tenden og Terje Breivik
• Sesjon 5: Velferdspolitisk verkstad, ved Per A. Thorbjørnsen, Kjartan Almenning, Anne Solsvik

12:30 Valvinnar i 2013. Oppsummering frå gruppene. Debatt.

13:45 Avslutning, ved partileiar Trine Skei Grande

14:00 Lunsj

Har du spørsmål? Kontakt VHO.

Venstrekvinnelagets seminar om Samhandlingsreformen
Fredag 7.10 på Thon Hotel Opera, Oslo, kl. 17.00 til 20.00.

Innleiarar blir
• Per A. Thorbjørnsen, leiar av Venstre sitt Velferdsutvalg,
• Inger Noer , fastlege
• Anders O.Skuterud, fagsjef i Fagpolitisk avdeling i Norsk Psykologforening.

Seminaret er ope, dvs at du ikkje treng vere medlem i NVK for å delta.