Skodje Venstre er uroa over ressurssitasjonen i Skodjeskulen

Skodje Venstre undrar på kva som må til for at skulen skal få tilført meir ressursar (når auka elevtal og auka oppgåver ikkje utløyser dette)?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det er sett i gang små og store utgreiingar og prosjekt i organisajonen for å finne tiltak som gjev innsparingar. Vi har mange dyktige og engasjerte medarbeidarar i kommunen og vi har stor tru på at vi i fellesskap kan finne gode løysingar til beste for innbyggjarane i Skodje.

Dette var utgangspunktet for at Venstre i formannskapsmøtet 20.mai i år kom med motframlegg til rådmannen si tilråding om å legge ned Stette skule. Vårt framlegg vart samrøystes vedteke og innber at vi skal sjå på skulane i Skodje og ressursbruken med følgjande fokus:

1) leiarstruktur
2) kvalitet
3) organisering
4) pedagogisk utvikling

Vi veit at rådmannen har fortløpande møter i ulike einingar for å kartlegge kva for nye tiltak som kan bidra til å nå det økonomiske målet i 2014. Vi veit at rektorkollegiet har hatt gjennomgang av ressursar i skulen med utgangspunkt i behovet for klassedelingar, delingstimar, spesialpedagogisk timetal osv. I tillegg har den administrative organiseringa av skulen vorte sett på dagsorden. Dette på bakgrunn av tidlegare førespurnader frå politisk hald.

Vi er like fullt uroa over ressurssituasjonen i skulen, ikkje minst for Skodje barneskule. Dei frå før trange rammene vert ikkje betre til hausten med elevtalsauke på ca 30, og godt over 60 1.klassingar. Når det no også er tenkt at einigsleiar/rektor i tillegg skal overta ansvaret som skulefagleg leiar, noko som er estimert til 30 % stilling, utan at skulen får kompensert med auka ressursar, er vi redd at strikken er tøygd over tålegrensa. Vi hadde i det minste venta at det ikkje vart gjort slike grep før resultatet av formannskapet si tilråding om strukturgjennongang ligg føre.

I skulemeldinga er det sett kvalitetsmål for skodjeskulen, vil skodjeskulen klare å leve opp til desse måla i komande skuleår?

Vil det verte vurdert auka ressursar dersom det vert klaga på vedtak om spesialpedagosisk tilbod til einskild-elevar og klagar får medhald?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**