Klaus Iversen

Førstekandidaten Klaus Iversen er 54 år gammal, gift og har fire barn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Klaus Iversen

Foto: Klaus Iversen

Han er advokat og har drive sitt eige advokatfirma i Måløy frå 1983. Han har vore dommarfullmektig ved Nordfjord tingrett, mangeårig styreleiar ved Familievernkontoret i Nordfjord og nestleiar i Bjørgvin bispedømmeråd. Han har og vore styreformann i mange år i tidligare Bergen Bank, Måløy og i Fjordenes Tidende AS. På fritida er Klaus ivrig songar bl.a. i Kvalheim Songlag og har vore solist ved mange høve.

Han har ein periode bak seg som medlem av Vågsøy kommunestyre. I denne perioden har han vore leiar av helse- og sosialutvalet.

Klaus kjem frå ein svært aktiv politisk familie. Faren, Leif, var mangeårig ordførar i Nord-Vågsøy og i Vågsøy. Han var og fylkesordførar i 8 år. Likeeins var bestefaren, Karl, ordførar i Nord-Vågsøy i ei årrekkje. Dotter til Klaus, Helga-Johanne Iversen, har sete i Vågsøy kommunstyre for Venstre. Ho var bare 17 år då ho vart vald inn i 1999.

Klaus står også på 2. plass på Venstre si liste til fylkestinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**