Fyreste dag av Telemark Venstre sitt årsmøte

Olav K., Kristin, Kjell, Tone og Olav L. deltek i helga på Telemark Venstre sitt årsmøte på Norsjø hotell

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Kristin Ødegård Vestdgarden oppsummerer fyrste dag av Telemark Venstre sitt årsmøte: Ein dag fyllt av mange meiningar, god stemning og eit ønske om å vera me å påvirke samfunnsutviklinga. Olav Elvestuen snakka om kvardagen til dei som sitter på tinget. Det er rart å høyre kor ulik den er i forhold til det ein kan oppfatte gjennom media. Dei skal tenke strategi og kva som til ein kvar tid er til det beste for partiet Venstre samtidig som det skal skapast ein politikk som gjer at fleire stemmer Venstre.
Me har stemt fram resolusjonar om yrkesfag på vidaregåande skule, om storørret, om avfallsdeponi og om næringsutvikling. Alt viktige saker. Resolusjon mot Søndagsopne butikkar nådde ikkje opp bland dei ti forslaga som kom inn til årsmøte. Kanskje ikkje det verste, Olav K har fått oppslag på saka på FB.
Nå er det årsmøtemiddag, men følg med utover dagen i morgo. Leiar Olav L har bestemt seg for å gjera FB sida til Bø Venstre til ein aktiv side.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**