Skule og oppvekst

Barnehagar og skular skal ha nok ressursar til å gje borna våre eit trygt og motiverande oppvekstmiljø. Vi vil ha fleire helsesjukepleiarar, miljøarbeidarar og fagpersonar med kompetanse utanfor det reint pedagogiske, slik at lærarane får meir tid til å undervise, Vi vil ha kvalifiserte, motiverte lærarar med konkurransedyktig lønn, slik at elevane oppnår meistring, får motivasjon og ei god utdanning.

Stryn Venstre vil:

  • Sikre ei betre grunnbemanning i barnehagane, med tanke på utvida opningstider.
  • Få eit sterkt PPT med fokus på tidleg innsats, allereie i barnehagen.
  • Ha ferieopne barnehagar.
  • Samle skule og barnehage i oppvekstsenter ved Vikane skule.
  • At alle barnehagane og skulane blir godt vedlikehaldne og har ein tilfredsstillande standard.
  • Innføre 5-dagars skuleveke.
  • Sikre at rammetimetalet i skulen blir oppretthalde.
  • Redusere tal elevar pr. kontaktlærar.
  • Styrke laget rundt eleven i barne- og ungdomsskulen.
  • Legge tilrette for alternative SFO tilbod.
  • Ha tidleg innsats gjennom tett samarbeid mellom helse og oppvekst.
  • Byggje ny ungdomsskule.
  • Ha betre og tryggare overgang mellom barneskule og ungdomsskule.
  • At Stryn kommune framleis sikrar eit godt tilbod ved Stryn VGS.
  • Sikre gode trafikale tilhøve ved skular og barnehagar i kommunen.
  • Prioritere skuleskyss der det er farleg skuleveg.