Vil ha huslegen tilbake

Stikkord fra stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsens tale til landsmøtet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**


Kjære landsmøte!

Å ha ei verdig eldreomsorg er ei av dei viktigaste oppgåvene i eit samfunn. Med eit aukande tal eldre vil utfordringane knytte til ei god og verdig eldreomsorg bli stadig større. Ser ein på framskrivinga av befolkninga i Noreg framover, vil talet på eldre eldre, dei som er over 80 år, nærast auke eksplosjonsarta. Vi snakkar om ein auke på 300 000, eller 150 prosent frå 2020 til 2050. For å supplere talmaterialet vil kvar fjerde nordmann vere over 70 år i 2050.

Fleire eldre eldre betyr fleire sjuke eldre, fleire eldre med demens, fleire eldre med angst og depresjonar og fleire kronikarar. Dette er bakteppet som utgjer utfordringane innan eldreomsorga i framtida, og som krev eit felles nasjonalt løft for ei eldreomsorgssatsing.

Men det at det blir fleire eldre her i landet er ikkje einvist negativt. Dei eldre er ein ressurs, som vi kan nytte oss av. Deira livsvisdom og kunnskap er noko vi må bli betre til å bruke. Og eg trur vi må i mykje større snakke til dei, i staden for om dei.

Venstre er oppteken av å sjå enkeltindivida. Høg alder må ikkje automatisk koplast til stort omsorgsbehov. Eldre har som andre, ulike behov, og tilboda og ytingane som eldre menneske skal få, må i størst mogleg grad tilpassast den enkelte. Og det ligg ei klar utfordring i det at morgondagen sine eldre vil stille heilt anna krav enn kva dei gjer i dag. Vi må tenkje nytt rundt korleis dei eldre vil bu, og korleis tenester som vil følgje med nye krav.

Vi trur at mange har lyst til å bli gamle i sin eigen bustad. For å gjere det lettare for eldre å bli buande i sin eigen heim må vi lage ordningar som tillet akkurat det.

Eit tiltak vi meiner er eit godt eit, er å ta tilbake ordninga med huslegen.

Tryggleik, verdigheit og nærleik til tenestene er avgjerande for Venstre sin helsepolitikk. Alle eldre skal føle seg trygge på at den enkelte sine behov blir sett og forstått. På bakgrunn av dette har vi gjort framlegg om eit pilotprosjekt der eldre over 70 år skal få tilbod om legebesøk i sin eigen heim. Venstre meiner eit slikt prosjekt skal gjennomførast i 10 ulike by- og landkommunar rundt om i landet. Dei erfaringane ein haustar frå dette prosjektet kan vere med på å bygge eldreomsorga for framtida.

I tillegg til huslege, trur vi også eit tilbod om vaktmeistertenester frå kommunen eller frivillige organisasjonar kan vere eit tilbod som kan gjere at eldre kan bo heime lengre. Dei fleste ulykker skjer i heimen, er eit velkjent uttrykk. Og veldig mange eldre blir innlagt på sjukeheim eller må få institusjonsplass fordi dei har falt heime og brekt lårhalsen i det dei klatra opp på ein stol for å vaske vindauga eller bytte ei lyspære. Dette kunne i mange tilfelle vore unngått ved at ein vaktmeister hadde vaska vindauga eller bytta den pæra. I tillegg til å gje dei eldre ei god teneste, vil dette også spare samfunnet for store økonomiske kostande.

Eg trur det er viktig å tenke enkelt og praktisk i møtet med eldreproblematikken. Eit anna viktig moment blir å la kommunane definere sine behov og lage løysningar deretter. Staten bør her legge føringar gjennom for eksempel omsorgsgarantien – men korleis kommunane vil løyse sine problem bør og skal være deira ansvar.

I starten sa eg at det vil bli fleire eldre med typiske eldresjukdommar. Og her er det viktig at ein tenker langsiktig i utdanninga av sjukepleiarar og legar, som skal jobbe med dei eldre. Vi må få fleire sjukepleiarar, hjelpepleiarar og legar med spesialutdanning innanfor geriatri, demens og psykiatri. Eg meiner at her har staten eit særleg ansvar for å sjå til at ein har nok framtidig arbeidskraft til å vere i stand til å møte etterspørselen. Eg er også oppteken av at ein ikkje fortsette utviklinga med robotiseringa av helsetenesta. Vi må ikkje gløyme at det er menneskje vi har med å gjere, og sette av tid til ein prat burde vere overordna krav om effektivitet og økonomiske krav.

Å gjennomføre løft for store samfunnsgrupper er ei viktig oppgåve. Men like så viktig er det å løfte dei små gruppa, og ofte er det dei som treng det mest.
Psykiatriske pasientar og rusmisbrukare er slik ei gruppe. Eg vil kort nemne at eg for ei veke sia oppfordra Brustad til å gje styret ved Helse Øst klare signal om at rusbehandlinga på Aker Universitetssjukehus ikkje må redusere sitt tilbod i sommar. I heile juli, som er den månaden etterspurnaden er størst skal 37 plassar leggast ned, og eit senter stengast.

Eg vil avslutte vår seanse med å takke Turid Høyersten Holm frå Bodø for å rette eit søkelys på eldrepolitikk. Eldrepolitikk kjem til å bli eit viktig tema i det kommande kommunevalet, og der skal vi være ein aktiv deltakar. I samband med kommunevalet, har vi på oppfordring av Leon Bodd invitert lokalpolitikarar til å delta i ei gruppe som skal utarbeide Venstres eldrepolitikk fram mot kommunevalet i 2007.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 18 år siden.**