– Forby bruk av helseopplysningar

Venstre er bekymra for eit aukande press for å gjere det enklare å samle, bruke og oppbevare personopplysningar knytt til helse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

 - Venstre meiner det er svært uheldig at pasientar ikkje kan ha tryggleik for at fortruleg informasjon blir mellom lege og pasient.

– Venstre meiner det er svært uheldig at pasientar ikkje kan ha tryggleik for at fortruleg informasjon blir mellom lege og pasient.
Foto: Rune Kongsro

Koplinga mellom kommersielle interesser og sensitive personopplysningar er svært problematisk. Venstre gjer difor framlegg om at Stortinget innfører eit forbod mot bruk av opplysningar i pasientjournalar til kommersielle aktørar som til dømes forsikringsselskap.

– Venstre meiner det er svært uheldig at pasientar ikkje kan ha tryggleik for at fortruleg informasjon blir mellom lege og pasient. Det er avgjerande at helsevesenet har tillit i befolkninga. Engsting og utryggleik kan oppstå når opplysningar som er gjevne til helsepersonell, blir vidareeformidla til ein kommersiell aktør utan at pasienten sjølv har kontroll, seier helsepolitisk talsmann i Venstre, Gunvald Ludvigsen.

Bekymra for personvernet
Forsikringsselskapa får vide fullmakter når man teiknar helseforsikring og bruker store mengder informasjon frå helsevesenet. Kommersielle aktørar har sjølvsagt eit behov for informasjon for å kunne gje forsikring, men Venstre meiner at det må skje under forhold som i større grad tek i vare personvernet og ei heilskapsvurdering av pasientane si helse.

– Vi har fått mange tilbakemeldingar om at pasientar vegrar seg for å ta kontakt med helsetenesta fordi dei ikkje vil at personlege og sensitive detaljer skal bli ståande i journalen og kanskje seinare brukt mot dei, seier Gunvald Ludvigsen.

Forbod
Venstre ber derfor Stortinget om å innføre eit forbod mot bruk av opplysningar i pasientjournalar til kommersielle aktørar t.d. forsikringsselskap. Venstre ber samstundes regjeringa utgreie og legge til rette for at naudsynte helseopplysningar blir gjeven i særskilt erklæring. Framlegget vert gjort av Gunvald Ludvigsen, Lars Sponheim og Trine Skei Grande.

Mer informasjon
– Les hele forslaget på stortinget.no
– Dok.nr.8:36 (2006-2007) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Lars Sponheim, Trine Skei Grande og Gunvald Ludvigsen om helseforsikringer og personvern.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**