Runar B. Mæland

Runar B. Mæland er Hordaland Venstres ungdomskandidat til stortingsvalget neste år. Han er leder av Sunnhordland Unge Venstre og sitter i styret i Hordaland Unge Venstre. Runar presenterer seg her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Runar

Eg heiter Runar, er 20 år gamal, kjem frå sommarøya og nynorskbyen Stord, og er engasjert i politikk fordi eg trur me som samfunn kan gjera det betre enn me gjer i dag. Eg har ideologisk ankerfeste i den grøne liberalismen, og difor er Venstre partiet for meg.

Å vera liberal handlar for meg om å tru på det einskilde mennesket – å tru at folk styrer seg sjølve betre enn dei styrer kvarandre, og difor å tru på valfridom, marknaden og dei frivillige fellesskapa. Det er å sjå at det er viktigare å løfta dei svakaste enn å sy puter under armane på folk som har det bra frå før. Det er å vera fordomsfri og open for nye løysingar som er betre enn dei me har i dag.

Å vera grøn handlar om å vera jordnær, å tru på lokalt folkestyre og engasjement. Ikkje minst handlar det om å forstå at me alle på denne jorda er knytt saman i eit globalt økosystem, og kor grunnleggjande viktig det er for oss alle at dette funkar og at me har eit bra miljø.

Runar

Eg er for tida styremedlem i Hordaland Unge Venstre og leiar i Sunnhordland Unge Venstre. Før har eg mellom anna sete i programkomiteen i Unge Venstre. Eg er også ungdomskandidat til stortingsvalet neste haust, og håpar på ein god plass på Venstre-lista i Hordaland.

Når eg ikkje driv med politikk studerer eg ved Universitetet i Bergen, eller eg spelar musikk, les bøker og skriv.

Runar blogger her.
All info om Runar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**