Ap og LO på glattisen

Leserbrev av Jon Ingebretsen, Kviteseid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Ein skal leite lenge etter slik tåkelagt argumentasjon som den statsminister Jens Stoltenberg brukar når han skal forklare kvifor LO-leiar Gerd Liv Valla ikkje blei vald til leiar i valkomiteen for Aps sentralstyre.

Dei argumenta han framfører som vesentlege for dette valet, er heilt underordna i forhold til den eigentlege årsaka til at ein måtte finne ein annan leiar, nemleg Yssen-saka. Statsministeren hadde vist mot og truverd og vore ærleg dersom han på ein ordentleg, open og diplomatisk måte hadde sagt sanninga rett ut. Såpass burde ein faktisk forvente av ein statsminister.

Når ein så i tillegg tek det svært tvilsame og uvanlege steget å velgje ein fylkesmann til eit såpass politisk forankra verv som leiar av ein valkomitè i eit politisk parti, har Ap også på denne måten rota seg sjølv skikkeleg ut på glattisen, kanskje heilt fram mot haustens val.

Dette burde både partiet og Sigbjørn Johnsen sjølv forstå er ei løysing som vil kaste ytterlegare kritisk lys over kva slags uskrevne spelereglar Ap ikkje er i stand til å følgje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**