Harald Hove attvald som Venstretopp

Advokat Harald Hove (58) frå Bergen vart i kveld samrøystes attvald som listetopp på Venstre si valliste til fylkestingsvalet på partiet sitt nominasjonsmøte på Park hotell på Voss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

 Harald Hove

Harald Hove
Foto: Vidar Grundetjern

Hove har allereie tre perioder på Fylkestinget bak seg og har tidlegare representert Venstre i Utanrikskomiteen på Stortinget.

– Eg er takksam for å ha fått fornya tillit frå Hordaland Venstre. Eg kjem til å kjempe for eit sterkt folkevald regionalt nivå og ein betre skule, sa Hove då han vart vald.

Fordobla representasjon
– Eg er overtydd om at Venstre kan oppnå meir enn fordobla representasjon på Fylkestinget etter valet til hausten, sa Hove. I dag er Venstre representert med Harald Hove og Ingebjørg Winjum frå Granvin. Winjum ynskja ikkje attval.

På andreplass valde nominasjonsmøte sjukepleiar Anne Beth Njærheim (42) frå Bømlo og på tredjeplass Inge Børslien (45) frå Odda. Børslien er privatpraktiserande fysioterapeut. Han er dessutan leiar og stiftar av Folkeaksjonen for Jondalstunnel.

Bjørne Magne Hufthammer frå Austevoll er Hordaland Venstre sin ungdomskandidat og vart vald til fjerdeplass på lista. Idun K. Bortne frå Bergen, Sølvi M. Mangerøy frå Radøy, Torstein Hatlevik frå Tysnes og Sverre Kleivkås frå Ullensvang vart vald på dei neste plassane på lista.

Ei komplett valliste frå Hordaland finn du her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**