Stopp menneskefiendtlig flyplasskontroll

Hordaland Venstre sitt årsmøte meiner dei nye kontrollrutinane ved norske flyplassar er lite naudsynt og menneskefiendtlege.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Tiltaka skaper forsinkingar og problem for ærlege borgarar utan å føre til auka flytryggleik.

– Opplevinga av tryggleik oppnår ein når folk er på vakt og tek ansvar for kvarandre, ikkje ved å gjennomlyse sko og ta tåteflasker frå spedborn, vedtok årsmøtet.

Krenkande
– Dagens krenkande flyplasskontrollar er eit resultat av panikkarta tiltak som del av den internasjonale krigen mot terrorisme, meiner årsmøtet.

Noreg må vere i stand til å heve ei sjølvstendig kritisk røyst når det internasjonale samfunnet vel dårlige løysingar.

– Strenge kontroller løyser ikkje problemet, men vil i “beste” fall føre til at den neste bomba smell, ikkje ombord i eit fly, men i køen til tryggleikskontrollen, meiner Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**