Marit Barsnes Krogsæter, Sogn og Fjordane Venstre sin 1. kandidat

Marit Barsnes Krogsæter er toppkandidaten på vallista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Marit Barsner Krogsæter

Foto: Sogn og Fjordane Venstre

Ho kjem frå Flora der ho underviser i realfag på Flora vidaregåande skule. Marit har vore leiar av seksjon vidaregåande i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. I tillegg har ho vore vararepresentant til bystyret i Flora i to periodar, same periodane var ho fast medlem av Utval for plan og miljø i Flora.

Her er Marit Barnses Krogsæter sitt innlegg i vallavisa:
Venstre vil ha ein forpliktande klimaplan

Meir enn nokon gong må miljøet takast med i regnestykket når vi ser på kostnader ved sam-funns-ut-vikling. Sogn og Fjordane Venstre vil redusere klimagassutsleppa i fylket med minst 30% innan 2020.

For å nå dette målet vil Venstre at fylkeskommunen utarbeider ein forpliktande klimaplan. Planen må innehalde både klimatiltak som gir reduksjon i utsleppa av klimagassar og tiltak som reduserer verknadane av klimaendringane.

Samarbeid.
Fylkeskommunen må ikkje berre lage ein klimaplan, dei må og være bevisst si rolle som regional utviklar. Samarbeid med kommunar og næringslivet om korleis vi i fellesskap kan redusere utsleppa vil vere viktig for å nå måla våre.
Venstre vil at Sogn og Fjordane fylkeskommune skal arrangere eit klimaseminar der kommunane og næringslivet i Sogn og Fjordane blir invitert. Her kan vi få fagfolk til å hjelpe oss med å samordne og lage gode planer på tvers av kommunegrensene, og ikkje minst forplikte oss til å gjennomføre planane.
Fylkeskommunen bør og legge til rette for å gi politikarane opplæring i klimaspørsmål i samarbeid med til dømes Universitetet i Bergen, Vestlandsforsking og Klimasenteret i Fjærland. Geologar og geofysikarar veit mykje om kva som vil skje dersom klimaet endrar seg. Venstre vil at denne kunnskapen blir lagt til grunn når planar skal ut-arbeidast.

Handle lokalt.
Som eit av verdas rikaste land, der rikdomen er skapt ved utvinning av olje og gass, har vi eit spesielt ansvar i klimapolitikken. Fylkeskommun-en har eit stort potensial for reduksjon av utslepp frå deira eigen -bygningsmasse, til dømes å ta i bruk miljøvenleg oppvarming og straumsparing.
Private hushaldningar og det private næringslivet er blitt -flinke å sortere søppelet. Det offentlege må og ha kjelde-sortering i sine bygg. Spesielt viktig er det at dette blir gjennomført på skulane i fylket. Fylket må og medverke til at næringslivet kan drive mest mogeleg miljøvenleg.
Venstre vil prioritere kollektivtrafikken høgare. Det må bli betre samarbeid mellom fylket, trafikkselskapa og -næringslivet/skular, slik at rutenettet i Sogn og Fjordane blir meir samordna enn det er i dag og at det høver til -arbeidstider og skuletider.

Fleire gang- og sykkelvegar.Venstre vil at det blir bygd fleire gang- og sykkelvegar. Dersom vi får trygge skule-vegar slepp foreldra å køyre barn og ungdomar til skule og fritidsaktivitetar. Det vil redusere CO2-utsleppa og det vil gje betre fysisk fostring blant barn og ungdom. Gang- og sykkelvegar er og positivt for turistnæringa.

Meir bioenergi.
I Sogn og Fjordane er gjengroing av kulturlandskapet eit problem. Vi vil at det skal forskast meir på utvinning av bioenergi frå krattskogen lokalt. Ved å utnytte krattskogen til produksjon av bioenergi, reduserer vi CO2—utsleppa på same tid som vi pleier kulturlandskapa. Dette vil også skape fleire arbeidsplassar i bygdene våre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**