Ombudsrolla er ei politisk oppgåve

Venstre vil på prinsipielt grunnlag peike på at det ikkje må gå inflasjon i oppretting av statlege ombod. Ivaretaking av ulike samfunnsinteressar og einskildpersonar sine interessar er grunnleggjande eit politisk spørsmål og ikkje minst eit politisk ansvar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


– Politikarane skal vere folket og individa sine ombod, og må ta dette ansvaret, spesielt for menneske som treng fellesskapet sine årvåkne auge meir enn dei fleste. Og forvaltningen har ansvar og plikt til å følgje opp vedteken politikk, sa Venstre sin helsepolitiske talsmann Gunvald Ludvigsen under stortingsdebatten om eit eige ombod for psykisk utviklingshemma.

Hender, leie

Foto: Microsoft

Statleggjering og byråkrati
– Det er ikkje nødvendigvis ein føremon å byråkratisere eller statleggjere ombodsrolla. Det kan snarare bidra til å forkludre så vel politisk som forvaltningsmessig ansvar for alle menneske samt rollefordelinga mellom det offentlege og det sivile samfunn. sa Ludvigsen.

Psykisk utviklingshemma er heller ingen einsarta gruppe, og det er ikkje sikkert at alle vil vere tente med at deira interesser vert plasserte hos ein statstilsett talsperson. Statlege ombod kan eller skal ikkje erstatte politikken.

– Utan ein prinsipiell og restriktiv haldning kan ein risikere å få eit uavgrensa tal ombod som kiler seg inn mellom det sivile samfunn og staten på ein uryddig og uheldig måte. sa Ludvigsen.

Sovepute?
Venstre fryktaa at omboda vert ei sovepute for politikarane og at politikarane dermed får høve til å skyve ansvaret over på andre.

– Venstre er opptekne av at psykisk utviklingshemma skal få ei styrka og meir verdig stilling i samfunnet. Vi trur imidlertid ikkje at eit eige ombod er rette vegen å gå, sa Ludvigsen.

– Eg vil til slutt vise til uttalen frå Norsk Forbund for Utviklingshemmede av 7/12-2006, og seier meg heilt einig i at psykisk utviklingshemma skal behandlast som likeverdige borgarar og gjevast rettane som følgjer av norsk lov og politiske vedtak, herunder klageadgang til fylkesmann, Sivilombodsmann m.fl., avslutta Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**