Lokaldemokratiets spørjetime

Spørjetimen, som alltid er ved starten av kommunestyremøta mellom anna i Kviteseid, er viktig for å få satt nye saker på dagsorden, eller for å få klargjort uklare politiske og praktiske spørsmål

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jon Ingebretsen

Men slik spørjetimen fungerer i dag, blir han i praksis bare nytta av kommunestyremedlemma sjølve, og i alt for liten grad også av desse. Skal spørjetimen i langt større utstrekning fungere som eit godt verktøy i lokaldemokratiet, må han gjerast til eit ope forum for innbyggjarane. Slik sett kunne ein ønskje og tru at engasjerte bygdefolk som brenn for ei sak eller som lurar på noko innan politisk styr og stell, kom til kommunestyremøta og stilte spørsmål til politikarane.

Sjølvsagt etter at spørsmåla er melde inn og klargjort skriftleg eller munnleg på førehand. Men dette skjer ikkje, sjølv om det er fullt høve til ei slik ordning.

I dag har dei aller fleste internett. Løysingar her bør i langt større omfang bli utnytta for å engasjere og nå ut med informasjon innan politisk arbeid.

Eit døme er at folk flest kan sende spørsmål til politikarane via nett. Og at desse spørsmåla og innspela, som helst bør vera grunngjevne, kan takast opp i kommunestyret sin spørjetime. På denne måten vil politikarane få eit langt betre innblikk i kva folk er opptekne av.

I tillegg til å ha spørjetimen på nett, kan ein sjølvsagt også vurdere å sende kommunestyremøta digitalt ut til innbyggjarane. For å få folk interesserte og engasjerte, må dei nemleg helst vite og sjå kva som går føre seg.

Det ligg eit potensial i å få særleg dei yngre innbyggjarane meir interesserte og opptekne av politikk ved i langt større grad å utnytte ulike internettløysingar på denne måten, noko som er viktig for å utvikle betre eit ope folkestyre og eit levande lokaldemokrati.

Jon Ingebretsen, Kviteseid Venstre

Innlegget finnes også i NATIONEN HER

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**