Venstrelister i 297 kommunar, pluss 25 felleslister

Generalsekretær Terje Breivik er godt nøgd med Venstrelister i over 300 kommunar.

Venstre slo listetallet frå 2003 med 14 lister (reine V-lister) 297 mot 283, viste opptellinga ved innleveringsfristen 31. mars.

Målet var lister i 300 kommunar. Med 25 bygdelister/felleslister i tillegg har vi eit tilbod til veljarane i 322 kommunar. Det er langt over målet: 300! I Aust-Agder er det reine Venstrelister i Gjerstad, Risør, Tvedestrand, Arendal, Froland, Grimstad, Birkenes, Lillesand, Iveland, Evje og Hornnes og Bykle. I Bygland er det fellesliste, sjå heimesida til Bygland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Berre Vegårshei, Åmli og Valle er utan Venstrelister i år. I desse kommunane hadde Venstre god framgang i stortingsvalet i 2005, og fylkeslaget arbeider for å stille lister i neste kommuneval.

Ei meiningsmåling i Fædrelandsvennen i slutten av mars gir 7% til Venstre i Aust-Agder. Dette tyder på langt fleire mandat enn i 2003, da vi hadde 3,8% i kommunevalet i Aust-Agder.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**