Gro Skartveit frå Finnøy på Venstre sitt landsmøte

Gro Skartveit frå Finnøy er Venstre sin 2. kandidat til fylkestingsvalet i haust. Ho er og tidlegare politisk nestleiar i Rogaland Venstre. Til helga er ho å finna mellom utsendingane til Venstre sitt landsmøte i Bergen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Gro Skartveit

Foto: Vidar Grundetjern

Gro Skartveit ser fram til eit spanande landsmøte. Der skal Venstre vedta nytt prinsipprogram, og partiet skal og handsama eit skulepolitisk manifest. — Prinsipprogrammet blir eit viktig dokument for partiet, seier ho.

Programmet markerar Venstre som eit liberalt parti med sosialt ansvar. I programmet vert det peika på ei rekkje liberale utfordringar dei kommande åra. Kampen for miljøet er ei viktig liberal sak. Det er og viktig å sikra god hjelp til dei som har trong for samfunnet si støtte. Finnøy Venstre sin representant håpar at Rogaland Venstre sitt framlegg om ei reform av den psykiatriske helsetenesta vert vedtatt.

— På fylkesårsmøtet i Rogaland kom det inn mange gode endringsforslag til prinsipprogrammet, seier Gro Skartveit. — I papira til landsmøtet ser me at mange av desse framlegga har fått positiv innstilling. Det gir grunn til å tru at Rogaland Venstre vil setja sterkt preg på prinsipprogrammet.

Det skulepolitiske manifestet legg i stor grad vekt på at samfunnet må ta anvar for skulen. Respekt for kunnskap og kunnskapsformidlerane er ein viktig del av dette. Skulen må gi et godt tilbod til alle. — Auka respekt for læraren er naudsynt, seier Gro Skartveit — Difor ønskjer me å gi lærarane høve til å vidareutvikla sin kompetanse gjennom eit kompetanseår med jamne mellomrom.

Gro Skartveit legg elles vekt på at Venstre er eit parti som tar det sosiale ansvaret på alvor. — Me ønskjer å gi ei stemme til dei som inga stemme har, seier ho og legg til at god sosialpolitikk er å gje meir til dei som treng det mest.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**