Olav fekk gjennomslag for desentralisering på Venstrelandsmøtet

Venstres landsmøte i Bergen er nå avslutta, og Aust-Agders delegatar vender nøgde heim! Vi har hatt ein ung og spenneande delegasjon i år. To av utsendingane, Daniela Plaza Fuenzalida (Lillesand) og Olav Åsen Haugsgjerd (Bygland), er elevar i vidaregående skole. Dei gjorde begge ein god innsats på landsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Olav Åsen Haugsgjerd var spesielt opptatt av kraftlinene som er planlagde gjennom Setesdal, og desentralisering av statlege arbeidsplassar. Han foreslo ei fråsegn om det siste temaet, som blei vedtatt av landsmøtet.

Øvrige utsendingar var fylkestoppane Øystein Haga, Grimstad, Marianne Lyngvi, Arendal og Line Mørch, Tvedestrand.

Øystein Haga tok opp temaet med manglande lærlingeplassar, og ville ha fleire kommunale lærlingeplassar. Marianne Lyngvi fekk gjennomslag for å ha dobbelt statsborgerskap. Line Mørch var opptatt av klimaendringane, følgjene det og vårt ansvar for å gjere noe før det blir for seint.

Med i delegasjonen var også Dega Abdi Aman frå Arendal som observatør. Andre representantar frå Aust-Agder på landsmøtet var Hans Antonsen frå Grimstad som har vore leiar for Venstres prinsipprogramkomite, Unge Venstres nestleiar Anne Solsvik frå Arendal, representant for Venstrekvinnelaget, Anne Midtlien fra Grimstad, og tidlegare statssekretær på statsministerens kontor, Per Tore Woie frå Arendal.

Fleire av dei sentrale emna på landsmøtet er omtalt på www.venstre.no.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**