Medlemsbrev frå fylkesleiaren

– Så er me midt i mai. Me gjennomførte ei vellukka kandidatsamling sist helg. 40 kandidatar var på plass og fekk inspirasjon og kunnskap. Generalsekretær Terje Breivik, rådgjevar Jan- Christian Kolstø og stortingsrepresentant Odd Einar Dørum var innleiarar. Dei leverte som vanleg! Dette skriv Sølvi Merete Mangerøy i sitt medlemsbrev for mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er ei sak som gjorde meg fortvila først, og sint etterkvart. Høyrde de om niåringen frå Sotra som ikkje fekk vera med skulebussen, og som måtte gå fleire kilometer få svært trafikkert veg? "eg tenkte mykje på at eg måtte gå" svara guten på spørsmål om korleis han hadde det då bussen køyrde. Ja, det er det jammen fleire som burde tenkt på! Eg er så stolt og kry over å vere leiar av eit fylkeslag som har programfesta rett til trygg skuleveg eller fri skyss! Takk til alle som var med å stemma det inn i programmet. Men fri skyss er ikkje lik at ein unngår å måtta ha kort. Her må ein komma i dialog med dei som skal driva skuleskyssen, om ordningar som høver born betre! Her må personar med kompetanse på born med ulike behov, komme saman med dei som kan kollektivtransport og finne ordningar som gjer at ein kan unngå slike episodar. Dessverre er ikkje episoden unik. Det er ikkje den første, og sikkert ikkje den siste. Dette ynskjer eg at borna skal sleppa å oppleva!

Det var det som gjorde meg fortvila. Det var ei anna sak som gleda meg. På veg til møte i Bergen, høyrde eg sjølvsagt på radio. Dette var måndag 14.mai. Dei snakka om ulike problemstillingar knytt til direkteval av ordførar. Ordføraren i Samnanger hadde positive erfaringar med ordninga, medan valforskar Frank Årebrot meinte ein kunne komme i dilemma der ulike demokratiske prinsipp vart sett opp mot kvarandre. Heil einig i den problemstillinga. Det som var det positive her, var konklusjonen. Målet med direkteval av ordførar var å auka valoppslutnaden. Den verknaden kom ikkje. Det er då valforskaren løftar lokaldemokratiet si fane høgt! Han kunngjorde at den einaste måten å auka valdeltakinga på var å gje makt til lokalpolitikarane. Noreg var snart eit av dei mest sentralstyrte landa. Før sentrale myndigheiter slutta å ta all makt, og starta delegering av reell makt ville ikkje valdeltakinga auka fordi folk ikkje følte det hadde noko verdi. Det er som eg skulle sagt det sjølv, Frank Årebrot! Veldig bra!

Vidare må me halda kravet om heving av u-båt vraket varmt. Her kan ingen slappa av før kvikksølvet er fjerna! Me skal ver stolt over det arbeidet stortingsgruppa vår, med Gunnar Kvassheim i spissen, gjer i saka. Me treng likevel gje dei innspel og respons på at me i Hordaland ikkje har slept taket i saka, sjølv om media har roa seg mykje!

Viktige datoar:
23.mai: Lars Sponheim vert 50 år. GRATULERER!!
31.mai: Regionsamling for Nordhordland. (på Hull 19 i Meland)
05.juni: Regionsamling for Midthordland ( i Bergen)
07.juni: Regionsamling for Sunnhordland ( på Stord)
14.juni: Venstreskule i Granvin
Dato for regionsamling for Voss/Hardanger kjem ein tilbake til. Samlinga vert i Granvin.
17.august: Valkampopning Hordaland Venstre
17. -18 august: Kandidatsamling.

01. juni: Tilbakemelding om ein ynskjer å delta i felles trykking av program. (tilbod kjem i eige skriv frå kontoret )
01.juli: programma må vere klar til trykking

Her er det berre å merka av i almanakken! Me håper på brei deltaking frå
alle lokallag! På regionsamlingane kan ein finna fram til felles
valkampsaker og planar. Ein får også sjansen til å sjå regionale saker i
samband med fylkespolitikk. Harald Hove er ein sentral aktør på
samlingane. Underteikna kjem også til å delta.

Då vil eg ynskja alle ein god arbeidsmånad, med tanke på markering av
klimakampanje, utreding av kompetanseår for lærarar i kommunane, og
god aktivitet i lokalavisene. Valkamen er no. Me treng vera synlege. Her
har me alle eit stort potensiale 😉
Sist men ikkje minst : Ha ein strålande nasjonaldag, lukke til alle de
som har oppdrag denne dagen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**