Kulturbank, ei invistering i framtida

Eg har den siste tida tenkt litt på dette med barnehagar. Eller eigentleg ikkje så mykje på barnehagar, men heller på reformane rundt barnehagane. No er det lovfesta at alle born i Noreg skal ha moglegheit til ein barnehageplass, samtidig som denne plassen har ein makspris på noko over 2000 kroner i månaden. Strålande vil nok dei fleste seia. Eg vil tenkja tanken litt lengre om du lèt meg:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det er viktig at borna våre veks opp i eit tryggt miljø. Ein trygg familie, vennar, ein trygg kvardag i barnehagen, og seinare i skulen. Kvifor stoppar me her? Ønskjer me ikkje alle at borna våre skal få utvikla, og bruka sine kreative sider i dette tryggje miljøet me har prøvd å byggja omkring dei? I Bjerkreim, ellar rettare sagt, på Vikeså har me no fått oss ein kulturbank. Dette er ein stad som skal verta utgangspunktet for det meste av den kulturen me lèt borna våre ta del i. Her kan dei koma å spela piano, spela i band, måla, syngja, spela teater og opptrè for foreldre, syskjen og besteforeldre. Men det kostar. For ein familie med to ungar som kvar ønskjer både å spela piano og gå på teatergruppe, vil eg anta at prisen er om lag 6000 kroner i året. Tenk på dei som har fire born!
Kultur er viktig. Kultur er på ein måte limet som held mykje av samfunnet og tradisjonane våre ved hevd. Me må ta vare på, og utvikla dette, slik at ungane våre tykkjer det same. Me må og la ungane våre få utvikla, og bruka dei evnene dei har så mykje som mogleg. Slikt skapar trygge born. Ein blir trygg av å øve, for deretter å sjå at ein meistrar. Trygge born, skapar i sin tur eit trygt samfunn, og ei trygg bygd.
Eg har ein visjon, eller snarare ein idè om noko, som kunne gje kulturen endå eit lite løft. Kva med å gje kulturbanken nok ressursar til at alle born, og vaksne, kan delta i alle aktivitetar dei ønskjer, og det til ein fastsett makspris? Eg veit at det kostar. Eg veit òg at det ikkje kan bli gjort på ein dag. Men med kreativitet, vilje, og mot til å prioritera trur eg det er mogleg. Sjølv i Bjerkreim.
I mine auge ei fantastisk investering! Ei investering for framtida!
Leif Morten Songe
Bjerkreim Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**