Lokal klimaplan

Venstre tok i ein interpellasjon initiativ til ein lokal klimaplan i Ørskog. Dette førte til eit vedtak i Ørskog kommunestyre der ein gjekk inn for å utarbeide ein slik plan. Vi vil følge opp gjennom valkampen og etter valet!
Her kan du lese interpellasjonen frå Ørskog Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Interpellasjon frå Ørskog Venstre — møte 7. juni 2007.

Vi må ta lokalt klimaansvar.
FNs klimapanel har offentleggjort hovudkonklusjonane fra sin fjerde rapport. Det er ikkje lenger råd å ignorere utfordringa dei menneskeskapte klimaendringane utgjer. Ulike studiar viser at den rike delen av verda må redusere klimagassutsleppa sine med 60-80% i løpet av dei neste femti åra for å stoppe den globale oppvarminga. Både den britiske Stern-rapporten og det norske Lavutslepputvalget har konkludert med at det er mogeleg å nå eit slikt mål utan større økonomiske konsekvensar. Men då må viljen til å handle vere der no!

I Stortinget har Venstre teke initiativ til eit breidt politisk klimaforlik. Vi treng samarbeid på tvers av partiliner for å ta tilbake den internasjonale leiarrolla som ein klimanasjon. Vi treng også eit samarbeid som strekkjer seg frå Stortinget til lokalpolitikarane, og frå politikarane til innbyggjarane. Venstre ønskjer å få med alle som bur i Norge i eit kreativt og målretta samarbeid for å finne dei beste og mest effektive måtane å redusere klimautsleppa våre på. Gjennom politisk vilje, næringslivet sin kreativitet og eit stort folkeleg engasjement er det mogeleg å nå dei måla som elles kan sjå svært vanskelege ut.

Utrekningar gjort av Cicero og Civitas viser at så mykje som 15 % av norske klimagassutslepp kan kuttast gjennom lokale tiltak, i den enkelte kommune og fylkeskommune. Som lokalpolitikarar må vi setje oss tydelege mål for korleis vårt eige lokalsamfunn skal vere med på å vinne klimakampen. Ørskog kommune kan sjølv ta klimaansvar, uavhengig av nasjonale mål og tiltak.

Venstre meiner difor at Ørskog kommune no må ta klimaansvar. Gjennom å lage ein forpliktande klimaplan kan vi som lokalpolitikarar finne dei verkemidla som er tilgjengelege for å redusere klimautsleppa våre. Samtundes kan vi utvikle ein møteplass for kommune, innbyggjarar og næringsliv, der framtida sine klimautfordringar kan møtast med ein brei front.
Konsekvensane av vidare global oppvarming gjennom utslepp av klimagassar vil kunne råke oss alle — også i Ørskog. Utfordringane kan vere: Meir ekstremver, flaum, ras, stigande havnivå m.m.
Vi har alle eit felles ansvar for jorda vår og komande generasjonar. Ørskog har sin del av dette ansvaret gjennom å setje i verk dei rette tiltaka lokalt i vår eiga kommune!

Med bakgrunn i dette ønskjer Venstre å spørje ordføraren om kva tiltak som så langt er planlagt eller iverksett for å redusere klimagassutsleppa frå Ørskog kommune.

Vi ønskjer i tillegg å fremje følgjande framlegg:
Ørskog kommunestyre vedtek at det skal utarbeidast ein klimaplan for Ørskog kommune.
Planen skal innehalde både planmessige og økonomiske verkemiddel, og verkemiddel basert på frivilleg samarbeid, dialog og haldningsskapande arbeid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**