Om O.S.M.: Vil du bli med meg til Kina?

Første gongen eg møtte Olav S. Moi – O.S.M.- var på bussen ein gong på sommaren 1975, skriv Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre. Eg hadde vore i Valle på eit politisk møte og blei sittande saman med ein triveleg eldre kar frå Bykle nedover dalen. Da vi kom til Moisund kom O.S.M. på bussen og Byklekaren meinte eg burde få helse på den vidgjetne kåsøren og tømmermålaren. O.S.M. var ein romsleg mann. Han bytta plass med mannen frå Bykle, så eg kunne sitte resten av vegen til Kristiansand og høyre om bygdene vi køyrte gjennom og om politikk og kulturliv i Setesdal og resten av Sørlandet. Eg takk for hyggeleg følgje da vi kom til rutebilstasjonen, og håpa eg fekk høve til å møte denne interessante mannen fleire gonger.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jan Kløvstad

Foto: Venstre

— Gå bort på Mållaget og få deg noe mat. Ved eit bord der sit Jens Haugland og O.S.M. og fortel soger til kvarandre, sa Gunnar Lande til meg noen dagar seinare. Dei snakkar høgt nettopp for at andre skal få høyre, så du treng ikkje gøyme deg, sa han. Eg hadde fleire gode stunder på Mållaget. Først eit stykke unna den tidlegare justisminister Jens Haugland og O.S.M., så ved same bord som dei. Dei fortalte, eg lytta. Desse timane var gode å sjå tilbake på da eg mange år seinare hadde eit nært samarbeid med Jens Haugland om boka "Dagbok frå Kongens råd". Men det var O.S.M. eg hadde mest med å gjere denne sommaren.

Han kåserte i radioen, både i NRK Sørlandet og på riksnettet. Eg hugsar særleg eit kåseri om Anton Beinset, romsdalingen som blei politisk journalist og seinare redaktør i Dagbladet. Beinset hadde skrive finurlege petitartiklar med emne frå Romsdalskysten, men mest hadde han skrive om politikk. På den tida var det fast praksis at redaktøren i Dagbladet møtte på Venstres gruppemøte i Stortinget. Men Beinset skreiv meir enn partileiinga likte, og det blei vedtatt å stenge Dagbladet ute frå møta. På veg ut skal Anton Beinset ha sagt at "Det er rett at det er høgt under taket i Venstre, men jaggu er det kort veg til døra!" O.S.M. samanlikna også Evje og Tel Aviv, som hadde så mykje felles. For eksempel har Tel Aviv jarnveg til Jerusalem, mens Evje har bilveg til Arendal, sa han. O.S.M. ga ut fleire kåseribøker, bøker som eg kasta meg over og las med stor glede. Få har gitt betre innsyn i sørlandsk kultur og lynne, kommune for kommune enn O.S.M. gjennom dei finurlege og ironiske omtalane av folkesjela og større og mindre djupne i folkesjela i by og bygd. Han var ein meister til å formulere seg. Han kunne vere spydig og ironisk, men også med ein varme og med ein dobbelt botn som gjorde at poenga ofte seig sakte inn i folk, for så å bli sittande så dei hugsa dei lenge.

Ein dag steig O.S.M. inn på venstrekontoret i Kristiansand, og lurte på om han kunne få snakke med meg. "Eg vil ha Noreg ut av NATO, vil ha republikk, meiner fylkesgrensa på Agder er den dummaste streken på Norgeskartet og at Helge Seip er den største byting i norsk politikk. Kan eg på det grunnlaget få melde meg inn i Unge Venstre?", spurte den 79 år gamle ungdomen. Eg sa ja, skreiv ut medlemskort og innkasserte fem kroner som kontingent. Det med Helge Seip plaga meg litt, men dette var jo berre to-tre år etter at Venstre blei kløyvd på Røros, så vi får ta omtalen av heidersmannen Helge Seip på den kontoen.

Til Kina?
Utpå hausten ringte O.S.M. og ville ha ein ny prat. Han hadde vore i Hellas tidlegare for å sette seg inn i grunnlaget for den europeiske sivilisasjonen, og nå ville han lengre. Eg var 19, han var 79 år. Ærendet hans var at han ville til Kina. Han ville reise med den trans-sibirske jernbanen begge vegar. Han ville lese mykje under vegs, og han ville sjå på folkelivet, dei endelause steppene og drikke russisk te. I Kina ville han forsøke å møte Mao, sa han. Eg var sikker på at han ville klare det også, for kven kunne vel takke nei til ein prat med O.S. Moi? Tømmermålaren frå Moisund ville sjå korleis det kunne vere mogleg å løfte eit heilt folk frå fattigdom, slik vi på den tida fekk vite at Mao hadde klart i Kina. O.S.M. var ingen ureflektert dyrkar av Mao, langt derifrå, men han var intellektuelt nysgjerrig på korleis det kunne vere mogleg å styre eit så stort folk som kinesarane.

Og så kom spørsmålet: Vil du bli med meg til Kina?

Det var der og da eg gjorde ei av dei største tabbane mine til nå. Eg hadde nettopp utsett militærtenesta tre månader for å drive valkamp for Venstre. Eg synest ikkje eg kunne sende enda ein søknad om utsetting. Så eg takka pent nei. Eg takka nei til å bli med O.S. Moi til Kina, med trans-sibirske jernbanen.

Det svaret har eg angra på til denne dag!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**